Det er verdas største fotballturnering, og verdas vakraste er det truleg også.

Sidan 1972 har månadsskiftet juli/august vore prega av eit myldrande liv i hovudstaden. På Ekebergsletta og andre sletter har det blitt spelt kampar i alle slags fargar, på alle slags føre (med mogleg unntak for snø) og med alle slags kjensler – både før, mellom, under og etter kampane. Det har vore ein samansveisande og lagbyggjande møteplass for både spelarar, foreldregrupper og klubbmiljø frå nord til sør, og på tvers av landegrenser og verdsdelar.

Norway Cup er ein nasjonal identitetsbyggar og i sine beste stunder ei globaliserande solskinshistorie – sjølv når regnet auser ned og gjørma er som djupast.

Over 40 kampar direkte

Dette tek Sunnmørsposten på alvor. Det har vi gjort lenge. Kvart år har vi hatt eigne team med journalistar og fotografar som dekker kampane, folkelivet, flørtinga og leiken.

I år tek vi det eit skritt lenger. I samarbeid med mediekonsernet Amedia skal vi i år sende 41 kampar direkte på Smp-TV frå dei innleiande rundane. Dette vert eit tilbod til våre abonnentar.

Lista over kampane med motstandarar, tidspunkt og klasser kan du lese her, men desse klubbane skal alle på skjermen via smp.no:

Blindheim, Stordal, Spjelkavik, Vanylven, Emblem, Rollon, Fiskerstrand, Ørskog/Stordal, AaFK, Vigra, MSIL, Valder, Bergsøy, Brattvåg, Larsnes/Gursken/Gjerdsvika, Herd, Ørskog, Hødd, Tjørvåg/Moltu/Gurskøy, Larsnes, SIF/Hessa, Tornado Måløy, Hareid, Sykkylven, Norddal/Eidsdal/Geiranger og Haramsøy/Nordøy FK.

Nokre vil sikkert sakne sine klubbar her, men dette inkluderer alle kampar med lokale lag frå dei banene Amedia og Sunnmørsposten har sendeløyve frå.

Frå alle kampane vert det resultatgrafikk og på dei aller fleste vert det også kommentator.

Sender kampar til og med semifinalane

Sunnmørsposten har sportsjournalist Kristian Stenerud på plass i Oslo for å kommentere så mange lokale kampar han rekk over. I tillegg har vi journalist Odd-Sølve Grannes på plass for å skrive saker til både smp.no og papiravisa. Dessutan er Sunnmørsposten-fotografane Vegard Vågnes og Jonas Kongsberg med i den store gruppa kamerafolk som må til for å gjennomføre ei slik storsatsing.

Gruppespelet startar neste søndag og varer til tysdag. Då er det klart kven som skal spele A-sluttspel og B-sluttspel, og vi held fram med å sende kampar med lokale lag til og med semifinalane fredag. Finalen er det andre medieselskap som har sendeløyve for.

Sjølv har eg vore i Norway Cup både som tilskodar og fleire år som journalist. Men berre eitt år som deltakar, på det svært gode gutelaget til Ørsta i 1985. Då blei vi ifølgje ein dåverande lagkamerat som har greie på det bortdømt frå ei topplassering i turneringa.

Eg kjenner at det svir den dag i dag.