Vi veit å setje stor pris på godvêr i nordvest. Til vanleg får vi sommaren servert i små porsjonspakkar, og skal vi få ein smak, må vi sleppe alt vi har i hendene straks gradestokken siktar seg inn mot 20-talet.

I år har det vore annleis. Vi kryp i skuggen som sommarmette austlendingar, og det er berre så vidt at vi kostar på oss shorts og grilling i solsteika.

Og sommaren slepp ikkje taket. I helga kan vi nyte blå himmel med rundt 30 solsvidde varmegradar på skrotten.

Men godvêret var sjølvsagt ikkje gratis. Ikkje berre har vi fått bål-, grill- og vatningsforbod, slikt vi før berre har høyrt om frå slekta sørpå.

Nei, bøndene, også på våre kantar, opplever avlingssvikt, og krokrygga pensjonistar kavar seg opp i utmarka med nyslipt stuttorv medan dei mumlar noko om uår og krig.

På toppen av dette skrur kraftselskapa opp straumprisen. Må vi finne oss i slikt?

Eg er redd for det. Vi har valt det sjølv. Ja, ikkje godvêret, men kraftprisen. Det valet tok vi i 1991, før bakrusen frå jappetida heilt hadde sleppt taket.

Fram til då kunne kraftselskapa meir eller mindre vedta ein pris som kundane berre måtte godta. Med dereguleringa i -91 slapp vi den frie konkurransen inn i sikringsskapet.

Elkrafta fekk sin eigen børs, Nord Pool. Norge og Sverige vart så ein felles kraftmarknad, så Norden og snart kom dei første monsterkablane til kontinentet. Då kunne vi selje straum til hollendarar og tyskarar som hadde så dyr straum at dei knapt kosta på seg ei tidsstyrt lyspære i oppgangen.

Kraft hadde blitt butikk.

Reservane dampar bort i kraftmagasina, kol- og oljeprisen er høg og europearane har airconditionen på fullt. Det gir historisk høg straumpris, over 50 øre kilowattimen i snitt førre veke. Til samanlikning: Det er fem gongar så høgt som på same tid i 2015. Einaste grunnen til at vi ikkje høyrer att ramaskriket frå «kraftkrisene» for nokre år tilbake, er at norske straummålarar også berre så vidt orkar å lee på seg i varmen.

Men vent til rimfrosten bit seg fast i graset. Om ikkje styrtregn har fylt magasina til då, kjem smertebrølet igjen frå hutrande nordmenn under terrassevarmaren. Dei første krava om kutt i avgifter, stopp i eksporten og offentleg styring av kraftmarknaden er alt komne.

Ein kan godt rope på Staten. Staten er ikkje berre ein stor eigar, men tar også inn rundt tredjeparten av den prisen du betalar for straumen i avgifter, der moms utgjer den største delen.

Litt meir forsiktig bør ein vere med å rope etter reguleringar og setje Staten til å gnikke på arvesølvet igjen. Det var ikkje så blankt før som mange hevdar. Trass i at det har gitt betre butikk for produsentane, har dereguleringa nemleg i det store og heile gitt billegare straum. Utanlandskablane har også bidratt til større pris- og leveringsstabilitet. På lengre sikt vil vi likevel få litt dyrare straum som følgje av at vi knyter oss tettare til ein europeisk marknad der klimakutt og atomkraftskepsis slit på kapasiteten.

For hushaldningar og kraftintensiv industri, som saman står for to tredeler av el-forbruket i Norge, er dette sure tonar. For kraftselskapa er det søt musikk.

Men den som fryktar prissjokk på straum, treng ikkje sjå i langtidsvarselet. Prisane vi ser no, ligg langt over det som vil vere det normale, og det er ikkje dereguleringa si skuld.

Prisen vi betalar no, er prisen for godvêr. Og vêret kan ein som kjent gjere lite med.

Uroar du deg for at det vert dyrt å halde varmen til vinteren, så nyt den vi har no, sett av litt ekstra til straumrekninga og hogg ved.