På grunn av omlegging av MBLs tellemetode kan ikkje opplaget samanliknast direkte med fjorårstala, men stadfestar den utviklinga vi registrerer i det daglege. Pilene peikar oppover. Sunnmørsposten er det klart største mediehuset på Nordvestlandet, og vi har offensive planar for framtida.

Det er flest som les Sunnmørsposten på papir, rundt 54.000 personar dagleg, medan rundt 44.000 les nyhenda på mobil og nett. For oss er alle lesarar like viktige, og vi legg vekt på å tilby innhaldet på den plattform som lesarane vil ha, uansett om det er papir, web, nettbrett eller mobil.

Ein av årsakene til opplagsauken er innføring av pluss-modell, som gir abonnentane tilgang til alle saker digitalt. Ein annan viktig årsak er at Sunnmørsposten har aktive lesarar som gir oss både tips, gode innspel og konstruktiv kritikk. Vi ønskjer å utvikle Sunnmørsposten i nært samarbeid med abonnentane våre, og set derfor stor pris på både ris og ros.

Dei siste vekene har eg fått fleire tilbakemeldingar frå lesarar som meiner at avisa skriv for lite om deira organisasjon, parti, arrangement eller aktivitetar dei er engasjerte i.

Enkelte opplever at dei blir «boikotta» av avisa, men vi boikottar ikkje nokon. Det vil eg understreke: Vår ambisjon er å behandle alle rettferdig.

Vi må alltid prioritere, og har ikkje kapasitet til å publisere alle lesarbrev eller dekke alle arrangement i distriktet. Det kan også hende at vi av og til prioriterer feil, og skriv for lite om tema som hadde fortent større merksemd – og omvendt.

Men det skuldast ikkje vrang vilje. Vi har eit bankande hjarte for Sunnmøre og denne regionen, og ønskjer å bidra til positiv utvikling ved å drive grundig, påliteleg og undersøkande journalistikk.

Demokratiet, verdas beste styringsform, er avhengig av godt opplyste borgarar. Då mediemangutvalet la fram sin rapport i fjor, understreka dei behovet for å sikre vilkåra for den vesentlege journalistikken. Ikkje for å drive næringspolitikk eller for å berge arbeidsplassar, men fordi folk har behov for uavhengig informasjon.

Eit samfunn utan journalistar som stiller kritiske spørsmål er eit utrygt samfunn. Oppgåva vår er å belyse tema frå ulike vinklar, og legge forholda til rette for at innbyggarane kan delta i viktige diskusjonar. Folk må ha truverdig informasjon for å kunne engasjere seg og påverke utviklinga i sine lokalsamfunn.

Takk til deg som abonnerer, og dermed hjelper oss til å oppfylle dette viktige samfunnsoppdraget.