Jau då, vi har til å fikse tunnelar og byggje nokre nye ferjekaier, rassikring og fullføre oppstarta prosjekt, men har smått igjen til nye prosjekt, prosjekt som vil effektivisere transporten i fylket.

Nye ferjekaier og tunnelsikring gjer det meir klimavennleg og tryggare å ferdast i fylket vårt, men gir ikkje billegare eller raskare transport.

Av større prosjekt i Nasjonal transportplan (NTP) er det berre Betna-Stormyra på Nordmøre som får pengar, 20 millionar av totalt 2,1 milliardar.

Dei andre prosjekta i første del av planperioden, slik som Breivika-Lerstad, Romsdalen og Ørskogfjellet, må vente. Heller ikkje dei som ventar på pengar til Stad skipstunnel treng å sjekke kontoutskrifta i dag.

Verdiskaping

For all del: Betna-Stormyra er eit viktig prosjekt på E39, og eitt av dei største i fylket i NTP. Med 20 millionar er det på gang. Det er heller ikkje småpengar som går til oppgradering av tunnelar og ferjekaier og rassikring.

Den sitjande regjeringa skal sjølvsagt også ha ros for å ha løfta satsinga på samferdsel med ein realvekst på over sju prosent årleg dei siste ti åra. Det er ei viktig investering i framtidig verdiskaping.

Men så er det altså slik at dei delar av landet som får dei største stykka av denne kaka, får også mest kraft til å utvikle sin region. Møre og Romsdal er ikkje blant desse.

Allereie med Nasjonal transportplan sakka vi etter. Når så berre eitt av NTP-prosjekta blir sette i gang no, blir vår region ståande bakarst i køen på vent. Det er det ingen grunn til.

Ei av årsakene er at dette fylket har smått med jarnbanespor, og satsinga der drar av garde med store summar. Det er her det meste av realveksten på vel fire prosent for neste år kjem. Det gjer at dei folkerike regionane som får styrka si utviklingskraft meir.

Taper i konkurransen

Vi får heller ikkje ei krone av det som går til selskapet Nye vegar. Byane i fylket står dessutan framleis utanfor bymiljøordninga, ei ordning som gir store summar til samferdsleutvikling i dei største byane og byområda i landet. Summen av dette gjer at vi her kjem langt ned på lista målt i kroner per innbyggar, samstundes med at fjordar og fjell gjer at vi allereie har særlege utfordringar.

Over tid gjer altså slik skeivfordeling at mindre folketette område, som Møre og Romsdal, taper i konkurransen om samferdslepengane. Slik blir det investert mindre i framtidig verdiskaping her, og vi taper i konkurransekraft målt mot andre regionar.

Dette er ikkje bra for oss som bur her og vil byggje ein attraktiv region. Men det er heller ingen god ting for Norge.

Bremsar verdiskapinga i denne delen av landet opp, blir spydspissen inn mot dei blå framtidsnæringane etter kvart nokså butt. Satsinga på det høgt lovprisa havrommet kan ikkje stanse på kaikanten. Også det maritime og marine næringslivet treng gode vegar.