Talet på barn som blir medisinert for ADHD i Norge er dobla sidan 2004, og det er flest gutar som får diagnosen. Norge er eit av landa i Norden som medisinerer flest barn. Studiar viser at barn som er fødde seint på året, oftare får ADHD-diagnosen, og blir meir medisinerte, enn barn fødd tidleg på året.

Reform 97 trådde i kraft 1. august 1997, og førte mellom anna til at alderen for skulestart vart senka frå sju til seks år. Intensjonane var gode. Målet var å kombinere det beste frå pedagogikken i barnehage og skule, og gi seksåringane ein skulestart tilpassa det enkelte barns behov. Læreplanen la vekt på at tilbodet til seksåringane skulle ha eit klart førskulepreg, med læring via leik og fysisk aktivitet. Men slik gjekk det ikkje

I ein artikkelserie har VG den siste tida sett søkelys på konsekvensane av seksårsreforma. Over 80 prosent av lærarane i norske førsteklasser meiner at skuledagen er blitt for teoretisk for dei minste elevane. Mange opplever reforma som eit svik mot barna, og det er gutar som slit mest.

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, seier til Sunnmørsposten at seksårsreforma må kallast eit stort feilsteg. Den viktigaste årsaka er at reforma aldri vart gjennomført slik den var meint. Kunnskapsreforma, som kom nokre år seinare, førte til auka læringspress og meir teori for dei minste. I dag finst det døme på vekeplanar den aller første hausten, som har så avanserte og krevjande læringsmål, at dei er urealistiske å innfri for dei fleste fem-seksåringar. Det gjer at barn kan føle seg som taparar heilt frå starten. Skulen har ikkje tilpassa seg elevane, men pressa mange inn i ei undervisningsform dei ikkje er mogne for.

Både fysisk og mentalt skjer det store endringar i ein seksåring som kan gjere det vanskeleg å lære ved å sitte stille. Resultatet er at enkelte barn tyr til måtar å oppføre seg på, som gir diagnosar og medisinering på feil grunnlag. Det er tragisk.

Haug meiner at politikarane må ta ansvaret for at reforma kom på feilspor. Det er alvorleg at det er brukt milliardar på ei skulereform som kanskje har gjort meir skade enn nytte. Av det ein veit i dag, har ikkje seksårsreform og 10-årig obligatorisk skule hatt konsekvensar for barns læring i det heile tatt.

Skular må settast i stand til å leve opp til intensjonane i reforma. Det er neppe noko løysing å flytte seksåringane tilbake til barnehagen. Ein må heller legge forholda til rette for meir læring med vekt på leik og varierte aktivitetar i skulen.

30. oktober skal Kunnskapsdepartementet legge fram ei kartlegging av forsking som viser kva arbeidsmåtar og læringsmiljø som fremmer læring for dei yngste barna. Kartlegginga skal danne grunnlag for evaluering av seksårsreforma. Den evalueringa bør snarast kome i gang.

Heldigvis finst det døme på seksåringar som stortrivast og klarer seg godt, og det finst skular og lærarar som gjer ein eineståande innsats for dei yngste elevane. Ære vere dei for det.

Nettopp ved å sette søkelys på det som må rettast på, og formidle historier om det som fungerer, kan fleire bli merksame på utfordringane. Det er behov for endringar for å kunne gi alle barn god opplæring, og ein solid start på livet.

Har du tankar eller erfaringar du ønskjer å dele om dette temaet? Ta kontakt på hrb@smp.no eller send innlegg til debatt@smp.no