Denne helga kan det meste vere avgjort i kampen om kva dør Kristeleg Folkeparti skal banke på for å kome seg inn i den eine eller den andre regjeringa. For det er målet.

Slik det ser ut no, kan det bli avgjort med målfoto om kven av Erna Solberg og Knut Arild Hareide som om ei veke må finne fram stillingsannonsane. Dei siste dagane har det blitt klart at delegasjonen frå til dømes Møre og Romsdal kan bli «raudare» enn ein først trudde.

Sjølvsagt ulmar det. Skulle berre mangle i ein beinhard maktkamp. Likevel har dei klart å halde personstrid og bitterheit i bakgrunnen.

Debatten står om politiske val og verdiar. Medlemstalet veks og partiet har krabba oppover på meiningsmålingane. Eit femsifra tal sjåarar har følgt med på direktesende årsmøte i fylke der ein ikkje skulle tru at ein KrF-ar kunne bu.

Det er som å vere vitne til at ein utrent 50-åring hiv seg rundt i ein stille salto. Der han heng midt i svevet er det vanskeleg å la vere å måpe i undring og beundring.

Du er kanskje ikkje sikker på om han har teke framlengs eller baklengs salto. I dette tilfellet vil det også vere opp til auga som ser. Det som er framover for eine fløya er bakover for den andre.Men den som har prøvd, veit at svevet ikkje er det verste. Du skal lande.

I beste fall landar du på føtene, akkurat der du tok fråsparket. Om ein ikkje er opptatt av merksemda eit slikt c-moment gir, kan ein spørje seg kva som var vitsen. I verste fall trynar du, eller landar på ryggen med eit brak. Då lurer du i alle fall på kvifor du prøvde.

Her har vi altså KrF, lenge delt, retningsvilt og i indre spenning, slik det er i mange parti. Alle parti har fløyer, men pressa inn mot eit stadig trongare sentrum og med ein veljarlekkasje som truar med å senke skuta har ei samla KrF-leiing kome til at regjeringsdeltaking er einaste løysinga.

Kanskje inspirert av Meisteren sine ord om at «ingen kan tene to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre» har partiet tvinga seg sjølv til å ta eit val – til å «halda seg til den eine og vanvørda den andre».

Det handla om Gud og Mammon. For KrF står det mellom Erna og Jonas. Partiet har sjølv pressa seg til å ta dette valet, som om valet i seg sjølv er vegen til ei slags frelse.

Og no svevar altså KrF i ein luftig salto. Det kan ende med eit brak eller i eit elegant nedslag.

Eit slikt val har kraft i seg til å sprenge eit parti. Slik det ser ut no, hamnar partiet snart i regjering. Anten vil dei kome til å bryte lovnaden om å ikkje gå i regjering med Frp, eller så vil dei kaste statsministeren som dei peika på før valet.

Det er dette årsmøtedeltakarane på Vestnes og på Skei i Jølster skal ta stilling til. Deira stemme kan bli avgjerande for kven som held den neste nyttårstalen som statsminister.

Uansett kva dei vel, vil det stå att ei stor tapande fløy, fare for mannefall blant tillitsvalde og eit krevjande forsoningsarbeid.

Også om partiet landar jamføttes, er det uvisst om det med dette kjem seg vidare, eller berre landar der det satsa ifrå, i indre spenning i midten av norsk politikk – i nærleiken av sperregrensa, og halde fram å «halta til begge sider» – for nok ein gong å bruke eit bibelord.