Det har vore ein kamp om tal. Nordøyvegen AS har lagt fram sine tal som syner at prosjektet er god butikk for fylket. Mandag la fylkesadministrasjonen fram sine tal. Dei syner at prosjektet kjem til å ta solide jafs av både driftsbudsjett og investeringskaka for fylkeskommunen i lang tid framover.

Denne kampen vil halde fram heilt til fylkestinget i desember skal ta avgjerda: Skal ein starte bygging på direkten, eller skal dei setje ein fot i bakken nok ein gong.

Faren er at ei ny utgreiing blir berre første steg vidare mot ei skrinlegging av prosjektet. Motstanden er veksande blant politikarane i fylkestinget, og tida jobbar no imot forkjemparane for Nordøyvegen.

Størst sjanse for gjennomslag har dei truleg om dei kan få med seg fylkestinget på byggjestart alt no.

Då må dei bruke tida godt, og setje all si kraft inn på å hindre at støtta til prosjektet i fylkestingsgruppene i dei store partia smuldrar opp.

For det er nettopp det som no er i ferd med å skje. Tidlegare har skeptikarane til prosjektet stort sett latt det halde med å åtvare frå talarstolen, men likevel røysta for. Einaste SV har røysta imot.

No er stadig fleire av skeptikarane klare for å stemme nei når fylkestinget samlast i desember. Men det kjem til å bli med splitta partigrupper. Spørsmålet er kor mange som ramlar ned på eit nei.

Senterpartiet, KrF og Frp er dei partigruppene som ser ut til å kunne kome til å stå mest samla bak støtta til prosjektet. Der står også dei to representantane frå dei to «sunnmørslistene». Men bak desse kan det bli tynnare i rekkene.

SV vil stå på sitt nei vidare, og vil kunne få følgje av fleire av dei fire uavhengige representantane og Nordmørslista sin attverande representant.

Det store slaget kjem til å stå i Arbeidarpartiet og Høgre. Fell mange representantar frå desse partigruppene frå den tidlegare støtta til prosjektet, er sjansane store for ein ny runde i karusellen.

Begge desse partigruppene ser no ut til å verte delt. For forkjemparane for sambandet handlar det no om å gjere nei-flokken her minst mogeleg.

Politikarane i nye Ålesund sit no med nøkkelen. Blir dei lunkne i si støtte til prosjektet, gir det stort rom for nei-folket i Høgre og Arbeidarpartiet.

Motsett: Legg dei all si tyngde bak prosjektet, vil dei kunne få med seg det store fleirtalet i sine partigrupper.

Det er denne kampen folket på Nordøyane må vinne, og slutte å skyte på fylkesrådmannen. Det er politikarane som sit med det endelege ansvaret uansett, sjølv om enkelte no ser meir ut som at dei prøver å vri seg unna.