Slik har mange fylkestingspolitikarar i Møre og Romsdal det no, som pilotar på eit fullasta, digert passasjerfly. Slår dei full brems, risikerer dei å brase på buken ut i utmarka. Men prøver dei å ta av, er dei heller ikkje trygge på at dei klarer å løfte flyet på vengjene.

No handlar det minst like mykje om moral. «Vi er forbi «point of no return»». «Eitt av dei største løftebrota et fylkesting nokon gong har gjort». Dette er ord frå gruppeleiarane for dei to største partia, Charles Tøsse (H) og Tove Lise Torve (Ap), begge på ja-sida. Ingen av dei legg skjul på at dette blir eit tøft løft.

Er det nokon som er i mindretal blant fylkespolitikarane no, er det dei som meiner at bygging av Nordøyvegen ikkje kjem til å gjere ein vanskeleg økonomisk situasjon endå vanskelegare.

I årlege kostnader dei ti første 10 åra etter opning er det knappe 70 millionar i skilnad, men står det om 60 millionar årleg. Det er pengar det også.

Få av dei som har kjempa i tiår for Nordøyvegen har skuld i den økonomiske krisa fylkeskommunen står i no. Difor kjennest det urimeleg at det raude lyset kjem på akkurat no, for eit prosjekt som betyr så mykje for folket på øyane, for næringsutvikling, verdiskaping og bygginga av nye Ålesund – og som attpåtil er lønsamt for fylket på litt sikt.

Det er det ingen som nektar for. Problemet er at fylkeskommunen alt er i «deep shit», og rekningane må betalast kvart år. Skal det gå i hop må noko veljast bort. Det gjer vondt, også for jafolk. I første rekkje står drift og investeringar i vidaregåande skule for hogg.

Alt tydar på at det blir eit knapt fleirtal for bygging av Nordøyvegen før julefreden senkar seg, men altså ikkje utan tvil – på begge sider. Nokre har tvilt seg fram til «nei». Nokre til «ja».

Det er svært få av desse som meiner det er ei lett avgjerd. Dei har kome til ulike konklusjonar etter å ha lagt vekt på litt ulike kalkulasjonar og ikkje minst ulik vekting av fastlandssamband i høve til vidaregåande skular.

Og midt i skogen av tal, og kompliserte reknestykke og prognosar om framtidige kontantstraumar i ei slunken fylkeskommunal kasse, står gamle lovnader og menneska bak tala. Til sjuande og sist vil det vere tunga på vektskåla.

Kampen om tala er neppe det som vil snu dette no. Skjellsord og harde skuldingar er heller ikkje det som får eit tvilarhjarte til å smelte. No handlar det om viljen til å få til noko, om moral, om å stå ved gamle lovnader og trua på at prosjektet at også humler kan fly.