Hadde Møre og Romsdal fylke hatt struttande musklar og vore full av overskot, hadde ikkje spenninga i vore like stor. Då ville igjen Nordøyvegen vorte vedteken med stort fleirtal. Det er ikkje viljen det har stått på.

Problemet er at fylket allereie heng i taua. Det skal ikkje store kakken til for at den er nede for teljing. Det må kuttast, og det vil gjere skikkeleg vondt.

26 av 47 i fylkestinget røysta for fullføring av Nordøyvegen. 21 ville setje ned foten. På begge sider har både tvilen og uroa vore stor. I eine vektskåla låg omsynet til øyfolket og vilje for framtida. På hi sida omsynet til fylket sin økonomi.

Det er all grunn til å feire at Nordøyane endeleg får sin veg. Den festen kan øybuarane ta med godt samvit. Ettertida vil vise at vedtaket var rett, men i den økonomiske situasjonen fylket står i, var det ikkje lett.

Det var ikkje berre Roger Osen som røysta med ein øybuars hjarte i denne saka. Mange røysta med hjartet, og gav Nordøy-folket ein fortent billett til ei ny, trygg framtid.