Heilt sidan 1995 har Sunnmørsposten delt ut heiderspris til personar som har utmerka seg på ein spesiell måte. Først nominerer vi ti personar som vi meiner er verdige kandidatar, og legg vekt på at det å bli nominert skal vere ei ære i seg sjølv. Deretter blir det opp til lesarane å stemme fram vinnaren. Vi ønskjer å løfte fram personar som kan tene som forbilde for oss andre.

Årets vinnar av Sunnmørspostens heiderspris er Tale Maria Krohn Engvik frå Ålesund, den digitale helsesøstera som har vore med på å revolusjonere sitt eige yrke. Gjennom Snapchat-kontoen Helsesista når ho ut til tusenvis av unge, som ønskjer svar på spørsmål om kropp, sex, grenser, einsemd, alkohol, sjølvkjensle og mangt anna.

Tale Maria Krohn Engvik utfører eit viktig arbeid, og er blitt ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten. Stadig fleire unge slit psykisk, og mange har behov for nokon å snakke med. Helsesista klarer å kommunisere på ein måte som blir forstått og verdsett.

Ho kjem også med klare oppmodingar til alle foreldre om å hjelpe barna sine til å bygge sterk sjølvkjensle, slik at dei blir trygge på seg sjølve, uavhengig av utsjånad eller prestasjonar. Barn treng å vite at dei er bra nok. Ungdom som har fått ein trygg og god oppvekst, har lettare for å stå imot alle typar press, anten det er ruspress, sexpress, prestasjonspress eller kroppspress. Ein kan ikkje fjerne alt som er vanskeleg, men foreldre kan hjelpe barn og unge til å takle presset.

Helsesista har fått mange prisar siste året, og i går takka ho alle Sunnmørspostens lesarar som har stemt på henne. Det gjer godt å bli anerkjent i heimbyen. Like viktig som prisar er den tilbakemeldinga ho får frå ungdom som opplever at dei har fått hjelp til å kome seg ut av eit destruktivt rollemønster. Det er stort å tenke på at ved å hjelpe ein person, så kan ein bidra til å skape positive ringverknadar i fleire generasjonar framover.

Det er sterkt å lese historier om det eine menneske som gjorde livet lysare for barnet eller ungdommen som hadde det vanskeleg, anten det var læraren, bibliotekaren, helsesøstera eller ein snill nabo. Det eine mennesket kan vere kven som helst. Men det er ikkje berre unge som slit med dårleg sjølvkjensle.

Har du høyrd om den kinesiske testen som viser kor uerstattelege vi er? Slik er den: Putt fingeren ned i eit glas med vatn. Ta den raskt opp igjen, og legg merke til tomrommet den lèt etter seg. Ha, ha. Den lèt ikkje etter seg noko tomrom. Dette bildet blir ofte bruk for å understreke at ingen er uerstattelege, og det er til ein viss grad sant. Men det kan mistolkast dit hen at eitt menneske betyr lite. Det er feil.

Historia har lært oss at eitt menneske kan utrette utruleg mykje. Ingen av oss er perfekte, men dei vala vi gjer får konsekvensar for andre. Godheit smittar. Helsesista kjem med ei viktig oppmoding når ho utfordrar oss: «Våg å vere den som bryr seg».