Kommentar om Sunnmørspostens heidersprisvinnar:

«Trygg på å vere bra nok»

Prisvinnar: Heile Norges Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik, er årets vinnar av Sunnmørspostens heiderspris. Ho er blitt ei viktig og tydeleg stemme, særleg for barn og unge som slit.  Foto: Staale Wattø

Kommentar

Heilt sidan 1995 har Sunnmørsposten delt ut heiderspris til personar som har utmerka seg på ein spesiell måte. Først nominerer vi ti personar som vi meiner er verdige kandidatar, og legg vekt på at det å bli nominert skal vere ei ære i seg sjølv. Deretter blir det opp til lesarane å stemme fram vinnaren. Vi ønskjer å løfte fram personar som kan tene som forbilde for oss andre.