Møre og Romsdal blir eit av dei minste fylka etter regionreforma. Sjølv om regionen har eit framoverlent næringsliv, stor omstillingsevne og mange andre kvalitetar, så er omdømet til fylket prega av krangel og fogderistrid.

Korleis skape fogderifred? Det var eit av spørsmåla som vart stilt på nyttårskonferansen som fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerte i Molde fredag. Vi som er redaktørar i dei tre dagsavisene i fylket var inviterte til å diskutere temaet.

Felles kunnskapsgrunnlag er viktig for å kunne skape samhald på tvers av grensene. Vi må unngå å bli ein liten utkant i ein stor Vestland eller Trønderregion. No har vi mulegheit til å vere med på å bygge opp eit kraftsenter mellom Bergen og Trondheim, og på den måten bidra til å stanse sentraliseringa til andre deler av landet. Då må vi stå samla, og ville kvarandre vel. For utfordringane er mange. Folketalsutviklinga viser at det blir færre unge og fleire eldre i fylket. Det får konsekvensar for både lokalsamfunn og næringsliv.

Møre og Romsdal har ingen felles identitet. Bør vi ha det? Skulle det vere behov for eit nytt namn, så kunne Nordvestlandet vere eit alternativ. Folk er sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar, og det treng ikkje vere noko problem dersom vi ser at vi er sterkare samla, enn kvar for oss. Mangfald er bra. Det er viktig å erkjenne at vi er ulike, både når det gjeld kultur, dialekt og geografisk storleik. Over halvparten av innbyggarane i Møre og Romsdal bur på Sunnmøre. Det er ikkje Molde som er det geografiske midtpunktet, men Solnør i Skodje. Denne kunnskapen er det viktig å ha med seg.

Gode og likeverdige levekår for alle må vere eit mål. Skal vi vinne i konkurranse med andre regionar om statlege midlar, om kunnskap og etableringar, ja då må vi samarbeide på tvers av fogderi. Elles blir vi alle taparar. Ålesund er den regionen i fylket som har sterkast folketalsvekst, og det skaper optimisme. Det er viktig å ha eit sterk urbant sentrum som gjer at folk får lyst til å flytte til alle delane av fylket.

«La debatten bli prega av ærlegheit og kjærleik», sa programleiar Jan-Erik Larsen då han opna konferansen om framtida for fylket. Det er kloke ord. Å vere ærleg om det som er vanskeleg, og samtidig vise kjærleik, tillit og vilje til samarbeid – det kan vere ei god oppskrift på fogderifred. Kva tenker du? Send dine synspunkt til innlegg@smp.no