Det gjorde inntrykk å lese dommen frå tingretten, samtidig som eg gjekk gjennom historia til søskena Øvrelid som hadde blitt utsett for vald og overgrep i oppveksten. Openheit er avgjerande for å avdekke problem, og difor skal Øvrelid-søskena ha takk for at dei fortalde om det dei har opplevd.

Det er vanskeleg å forstå at nokon kan mishandle barn, og derfor ser dei fleste av oss ingenting. Men overgrep skjer også i dag, i dei beste nabolag.

Dommen som fall denne veka handla om tre unge brør frå Søre Sunnmøre som har levd i det som blir omtala som eit fryktregime. Sjølv om Øvrelid-søskena og dei tre unge brørne har opplevd vald frå foreldre, er det likevel svært stor skilnad på sakene, både når det gjeld graden av alvor, omfang og varigheit. Øvrelid-søskena opplevde at ingen greip inn. For 40 år sidan fanst det ikkje noko godt system for å følgje opp bekymringsmeldingar om vald i heimen, og dette var tema ingen snakka om.

Les Sunnmørspostens reportasje om vald mot barn her

Når eg les dommen, tenkjer eg på at historia kanskje kunne fått ei anna utvikling, dersom foreldra hadde takka ja til hjelp undervegs. Mange foreldre slit i ein hektisk kvardag, og barn med spesielle behov kan få det til å renne over. Det finst likevel aldri noko orsaking for å slå og sparke eit barn. Når mishandlinga skjer medan søsken ser på, blir skaden dobbelt så stor. Barn som veks opp med vald i heimen, får ikkje hjelp til å regulere sitt eige sinne. Dei kan bli oppfatta som ufordragelege, sjølv om dei gjer så godt dei kan. Mangel på tryggleik, kan sette varige spor i eit barnesinn. Foreldra til dei tre brørne fortalde i retten om ein krevjande kvardag, men retten fann det ikkje formildande at den eldste sonen hadde oppført seg vanskeleg. Det er ingenting som rettferdiggjer vald mot barn, og det er viktig at retten er så klar på dette punktet. Foreldre har ansvar for å be om hjelp, dersom dei ikkje klarer å takle barna sine. Det er aldri noko nederlag å be om hjelp, men å utsette barn for vald er eit ufatteleg nederlag. Derfor er det viktig at både barnehage, skule og gode naboar blir merksame på barn som slit, slik at både barn og foreldre kan få hjelp i tide.

Les meir om Øvrelid-saka her: