Kommentar: «Ingen barn skal leve i frykt»

Eit foreldrepar frå Søre Sunnmøre vart nyleg dømt til fengsel i fleire månader for barnemishandling. Dommen er viktig fordi den slår klart fast at ingen barn skal utsettast for vald.

overgrep: To saker som handlar om mishandling av barn har prega avisa den siste veka. For 40 år sidan var det ingen som greip inn då Øvrelid-søskena vart utsette for overgrep. Saka som enda med dom denne veka, starta med ei bekymringsmelding frå barnehagen. Foto: Nils Harald Ånstad 

Kommentar

Det gjorde inntrykk å lese dommen frå tingretten, samtidig som eg gjekk gjennom historia til søskena Øvrelid som hadde blitt utsett for vald og overgrep i oppveksten. Openheit er avgjerande for å avdekke problem, og difor skal Øvrelid-søskena ha takk for at dei fortalde om det dei har opplevd.