På Flatholmen har entreprenøren OK Entreprenør AS utført anleggsarbeid for 1,6 millionar kroner. Entreprenøren hadde fått oppdraget utan konkurranse. Det er brot på Lov om offentlege anskaffingar.

Det er nærliggande å spørje om det i det heile eksisterer rutinar? Vert krav til tempo i vekst og ekspansjon sett på som viktigare enn slike forseinkande element i drifta?

Det er difor heilt på sin plass at styreleiar Svein-Rune Johannessen no gir hamnefuten to veker på å levere ein gjennomgang av heile leverandørregisteret til hamna for åra 2016, 2017 og 2018.

Lang liste

Ålesundregionens Havnevesen er eit interkommunalt samarbeid mellom Ålesund, Sula, Haram og Giske. I ryggen kan hamnestellet – om dei vil – lene seg på innkjøpsavdelinga i Ålesund kommune. Her sit den fremste ekspertisen på feltet i vår region.

Det er i dette miljøet innkjøpa til den nye storkommunen skal forvaltast – og mykje tyder på at dei har ein stor jobb å gjere.

Sidan då er mellom anna ein tilsett i Ålesundregionens interkommunale miljøselskap (Årim) meldt til politiet for korrupsjon. Den tilsette skal ha mottatt pengar i samband med tilsettingar i selskapet. Saka er etter det Sunnmørsposten veit framleis under etterforsking.

Blei den dyrkjøpte lærdomen lagt rett i ein skuff og gløymt?

Ekstern hjelp?

Kanskje bør ordførar Eva Vinje Aurdal ta seg ein tur til Ørsta. Der bestilte kommunen i fjor haust ein full innkjøpsanalyse frå eit eksternt selskap. Analysen blei nyleg levert og er ein grundig gjennomgang av kommunens innkjøp for fjoråret, med klare tilrådingar og forslag til forbetringar – slik at pengebruken er effektiv og med minimal risiko for tankeløyse, kameraderi og korrupsjon.

Det er dine og mine pengar dette handlar om. Dei pengane skal aldri handsamast i mørke krokar.