Sæbø vert visst aldri det same. Sjølvaste Scarlett Johansson har både tatt ferje på Hjørundfjorden og vore på Joker-butikken - fleire gongar. Scener i ein ny storfilm med superstjerna i rolla som Natasha Romanoff i Black Widow-filmen frå Marvel Studios blir spelt inn i fjordbygda.

Det er storhende, ikkje berre på Sæbø der folketalet nesten har vorte dobla under innspelinga. Dette er storhende i filmverda. Ei rekkje internasjonale filmtidsskrift har alt omtalt innspelinga av scenene på Seboe. Det får våge seg at det ikkje var James Bond, slik nokre trudde. Dette var større.

Film er «big business», og filmane til Marvel Studios ligg heilt i det øvste sjiktet. Dei spelar gjerne inn milliardar. For få veker sidan slapp dei Avengers: Endgames laus på kinopublikumet. Første helga spelte den inn 1,2 milliardar dollar, meir enn nokon annan film i historia i på ein debut-weekend. Superheltane sende kursen på aksjane i Walt Disney Co. i skyene.

Filmturisme

Det er ikkje berre filmindustrien som svevar høgt på ein suksess. Film er også eit stadig viktigare torg for dei som vil selje noko, nokre ekstra boksar Cola, eit klesmerke - eller eit reisemål.

Filmturisme er globalt ein marknad på fleire titals millionar turistar årleg. Så når Scarlett Johansson smett innom Joker på Sæbø, kan det vere meir enn eit kjekt avbrekk for dei rundt 180 fastbuande nokre triste maidagar då snøkåpa på fjella kryp i ankelhøgd ned mot fjorden.

Merkevarebygging av reisemål gjennom filminnspelingar er stort. Ålesundar og filmprodusent Per Henry Borck vart då også nyleg heidra med NHO Reiseliv sin Selg Norge-pris for sitt arbeid med å marknadsføre Norge som innspelingsland.

Det er ikkje berre fordi det er stas at han lokkar store stjerner som Scarlett Johansson eller Daniel Craig (James Bond). Dette kan gi hard turistvaluta og mange nye turistar til norske fjordar.

Storsatsing

Land som Island og New Zealand satsar stort på å lokke til seg filmproduksjonar.

Island har lokka til seg filmar som «Tomb Raider», «Game of Thrones» og «Star Trek» etter at landet for 20 år sidan etablerte ei insentivordning med støtte til innspelingar i landet. New Zealand, der mellom anna «Ringenes Herre»-filmane har trekt mange turistar, satsar tre milliardar årleg.

Første året med ei tilsvarande norsk statleg insentiv- og refusjonsordning var i 2016, og den har no nokre titals millionar på statsbudsjettet. Så der norske filmmakarar før drog til Ungarn for å spele inn scener frå «Oslo», kjem no altså både James Bond og Marvels svarte enke til våre fjordar og vår kyst.

Klart det er stas.

Uviss verdi

Men konkurransen om dei store filmproduksjonane er hard. Svært mange land har tilsvarande ordningar. Islandsk filmindustri har gått på ein smell i det siste. Om det er konkurransen frå land som Irland, Estland, Ungarn, Skottland eller Frankrike, eller det er overforbruk av islandsk landskap, er uvisst.

Og når Tom Cruise i «Mission: Impossible» dinglar nokre korte minutt på kanten av Preikestolen, og filmen flyttar fjellklippa til India, er det mange som spør kor stor marknadsverdien faktisk er. I eit intervju med NRK for nokre år sidan måtte også dåverande industri- og handelsminister Ragnheiður Elín Árnadóttir vedgå at det var lettare å sjå kva som gjekk ut av statsbudsjettet enn kva som kom inn.

Likevel var ho viss på at det var lønsamt.

Keisarleg glans

På Sæbø bor det jordnære folk. Dei har hatt finfolk på vitjing før. Ikkje berre har sjølvaste Cliff Richard hatt konsert i bygda i 1972, men den største kjendisen ved starten av det førre hundreåret, keisar Wilhelm II av Tyskland, var årviss gjest. Framleis betalar turistar for å bu på rom på Hotell Union på Øye som keisaren mest truleg aldri har budd på.

Kva kan då ikkje amerikanske turistar kome til å betale for å kjøpe seg ein båtis på Joker på Slettedalshjørnet eller rulle seg i same lakena som Scarlett mest truleg ikkje har sove i på Sagafjord Hotel Sebo.