Stortinget er klar for si siste møteveke før sommaren. Mandag samlast fylkestinget i Møre og Romsdal for siste gong på denne sida av Sankthans. Dei fleste kommunestyre har allereie ynskt kvarandre god sommar.

Så kunne ein tru at det endeleg skulle bli fred med lukt av nyslått gras og kvitvin og reker på kaikanten.

Nei då, det er no det startar.

Rumling og skarpe smell

Med 86 dagar att til valet varslar meiningsmålingane ein knallhard valkamp. Skyene tetnar til, og det gneistrar i fjerne lynnedslag. Du høyrer rumling og skarpe smell. Det er lyden av alarmklokker eller sjampiskorker, alt etter kva partikontor som les målingane.

Partileiaren som trur kampen skal vinnast med sommarprat frå sommarhytta, sjølveigd eller leigd frå ein tobakksprins, tar feil. Valkampen i år blir alt anna enn «business as usual».

Arbeidarpartiet skrapar botnen med rundt 24 prosent, og slit med å finne trygg kurs med Jonas Gahr Støre som snekkeskipper. Slår dette til, blir fallet frå akseptable 33 prosent i 2015 brutalt. Det blir historias svakaste.

Venstre og KrF har det ikkje betre i regjeringsskuta. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og Trine Skei Grande (V) stirar ned i djupet med målingar som er svakare enn noko tidlegare valresultat. Her er det redningsvest som gjeld.

Brifar med sommarkroppen

I varmaste solkråa står Senterpartiet. Trygve Slagsvold Vedum spradar rundt i sommarkroppen med bobler i glaset. Ikkje sidan EU heitte EEC eller EF har senterparti-musklane bula like mykje. Snittet av dei siste målingane ligg over 13-talet. Sjølv dei dårlegaste dagane er på nivå med EU-vala.

Rødt, SV og MDG har også forsynt seg godt. På enkeltmålingar har MDG vore større enn Venstre og KrF til saman. I Oslo er partiet tredje størst på Aftenposten si juni-måling, og pustar Arbeidarpartiet i nakken, medan Folkeaksjonen Nei til mer bompengar (FNB) er fjerde størst og slurpar i seg Frp-veljarar.

Av regjerings-kameratane er det berre Erna Solberg (H) som kan nyte ein smak av sommar.

Frp strevar i bompenge-spagat

Nei, dette blir alt anna enn «business as usual».

Bompengar skapar vinnarar på begge frontar, og minelegg farvatnet for alle andre. FNB fossar fram i storbyane. Nasjonalt gir partiet lite utslag, men bølgene slår inn i heile den politiske sommarbukta.

Den barberte bypakken i Ålesund viste frynsete valnervar i mange parti, og skjelvingane går heilt inn på kontoret til samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Framstegspartiet ligg ikkje så langt unna resultatet frå 2015, men det var då også det svartaste kommunevalet for partiet sidan 1991.

Frp står i ein gedigen bompenge-spagat, og her blir ting pinleg synleg som i ein litt for stor badeshorts. Ingen klarer å ta blikket bort. Aldri tidlegare har det blitt bygd så mykje vegar, og partiet har vunne siger etter siger i regjering, men har hamna i SV-fella.

Bråk i bomstasjonen

Med trugsmål om å regjering-exit har grasrota tvinga leiinga til bompenge-forhandlingar. Frp må kome ut av dette med hard politisk valuta.

Tekniske justeringar og kutt i bompengeandelen blir politisk småmynt. Det blir som Jonas Gahr Støre sin kamp mot «fallende sysselsettingsgrad» då arbeidsløysetala forsvann som dogg i sommarsol i førre valkamp.

Vi bryr oss ikkje om bompengeandelen når vi køyrer til vallokalet. «Cash is King», og er det Jon Georg og Siv som sit i bomstasjonen, er det det vi ser.

Bompengar polariserer. Også Høgre og Ap får svi i bompengesteiken. Berre dei som kan sitje på eit blankskura svaberg utan skit på fingrane, som FNB, MDG og Rødt, kan nyte denne saka.

Lengtar du etter politisk sommarfred? Lås døra og dra for gardinene. Ringer det på er det mest truleg ein sveitt partileiar som vil inn.