Luftfartstilsynet fekk i fjor melding om 29 uregjerlege flypassasjerar. Til no i år har dei allereie fått 30 meldingar, sjølv om vi berre har kome halvvegs i året, skriv Dagsavisen.

Nyheitsmeldinga fekk meg til å tenke på ein flytur til Lanzarote ein haustdag på slutten av 1990-talet. Folk reagerer ulikt på høgt alkoholkonsum, og på den turen fekk vi oppleve nettopp det.

På nabosetet sat ein godt rusa mann som berre ville vere snill. Han opna stadig lommeboka for å dele ut pengar, men heldigvis var det ingen som tok imot. Med jamne mellomrom tok han seg ein tur framover i flyet. Han fortalde at han ville sjekke om vennane hans hadde kome på undervegs. Det nytta ikkje å forklare han at ingen kjem på undervegs på eit direktefly mellom Gardermoen og Lanzarote. Han måtte sjekke likevel, for å vere sikker ...

Den andre rusa mannen, som sette sitt preg på denne flyturen, var av eit heilt anna slag. Det starta med at han kom brølande gjennom midtgangen. Deretter prøvde han å legge seg over passasjerar som sat fastspent i seta sine. Han kjefta, var trugande og ubehageleg. To mannlege flyvertar klarte etter kvart å få kontroll på bråkmakaren, og sette seg ned på kvar side av han.

Ei lita stund etter, kanskje ein halvtime eller så, høyrer vi ei roleg stemme fortelje at vi må feste setebelta fordi vi nærmar oss landing. Barna gler seg til å kome ut av flyet. Eg kikkar ut av vindauget og forventar å sjå det karakteristiske landskapet på Lanzarote, med vulkanar og svarte lavastrender. Men utanfor vindauget er alt grønt og frodig, og vi kjenner oss ikkje igjen.

Så snart flyet har landa, kjem det inn to uniformerte menn som tek hand om den aggressive passasjeren. Vi følgjer med på dramaet som utspeler seg nedanfor flytrappa.

Den rusa mannen fell på kne, og vi forstår at han tryglar om å få bli med vidare. Men det er for seint. Han har brukt opp sjansane sine. Flyet har nødlanda i den portugisiske byen Faro, og mannen i handjern blir ført bort av politiet. Om det var barna sine han reiste saman med, veit eg ikkje. Ein brå, tragisk, og svært kostbar slutt på ferieturen vart det i alle fall for han. Vi andre kunne reise trygt vidare.

Den europeiske flytryggleiksorganisasjonen EASA meiner at kvar tredje time oppstår det ein situasjon på fly i Europa som kan utvikle seg til ein tryggleiksrisiko. Flyselskap i Europa har i sommar gått saman om ein kampanje for å informere om kva potensielle bråkmakarar kan vente seg. Dei som lager uro risikerer både fengselsstraff og store bøter. Ei kvinne som gjekk berserk om bord på eit fly mellom London og Dalman i Tyrkia i sommar, har fått eit krav på 907.000 kroner frå flyselskapet, skriv Flysmart24. Den aktuelle passasjeren er dessutan svartelista på livstid hos det britiske selskapet.

Høge bøter, strengare kontrollar og haldningskampanjar er viktige for å få folk til å forstå at flyfylla kan skape livsfarlege situasjonar.

Bråkmakaren vart ført bort i handjern. Foto: Shutterstock/NTBscanpix