Frå tid til anna møter politikarar seg sjølv i døra. Kjekt å møte kjentfolk, men av og til kan det kome brått på. Så står ein der då, og veit ikkje i farta kva ein skal seie, og då kan litt av kvart dette ut av munnen.

Slik må det ha vore for Erna Solberg (H) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) då dei, rusta til valkamp med spisse lansar, nyleg brasa rett inn i vindmøllene.

Det bles full storm i vindkraftdebatten. Lokale og nasjonale motstandarar protesterer og aksjonerer – ute på anlegg, i sosiale media og i avisspaltene.

Midt i dei hardaste vindkasta kom Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) med «nasjonal ramme for vindkraft på land», eit faktagrunnlag og eit kart med 13 område med dei beste vilkåra for vindkraft.

«Konfliktdempande», vart det sagt. Så feil kan ein ta.

Vindkraftmotstanden var brått blitt bompengestriden sin veslebror, og brått mista vindkrafta politisk medvind og passet til fornybarnasjonen.

Laga på bestilling

No vil både Solberg og Ropstad køyre lansane i den nasjonale vindkraftramma. Det er like lite riddarleg som Don Quijotes kamp mot vindmøller.

La oss spole litt tilbake:

1) Solberg-regjeringa foreslo ei nasjonal ramme for vindkraft i energimeldinga i 2016.

2) Ein samla stortingskomite, med unntak av Ap, meinte at det var «fornuftig». Høgre hadde sju i denne komiteen som meinte det. KrF hadde ein.

3) Regjeringa tar imot «bestillinga», og gir NVE oppdraget.

4) NVE gjer jobben på to år. «Nasjonal ramme» blir sendt på høyring med heiarop olje- og energiministeren i ryggen, men møter kraftig motvind.

5) Solberg og Ropstad vurderer å skrote heile greia.

«Det finst ingen veg så flat at ein ikkje kan snuble og skli utfor», heiter det i Don Quijote. Det gjer Solberg og Ropstad no.

Dei snublar og brasar inn i eigne vindmøllerotorar så det syng. Dette er ein plan som dei sjølve har bestilt eller stilt seg bak – heilt til den fekk motvind.

Dei seier ikkje at NVE har gjort ein dårleg jobb, eller at Norge må slutte å byggje landbasert vindkraft.

Utan ein plan

At nasjonal ramme blir skrota, betyr ingenting for vidare utbygging. Dette er ikkje nei til vindkraft frå regjeringa si side, like lite som at nasjonal ramme var ein plan for å teppebombe norsk natur med vindmøller. Så lenge behovet for meir fornybar energi er der og det er lønsamt, vil det halde fram som no. Berre utan ein plan.

Utbyggjarane har Stortinget si støtte. Stortinget vil ha meir fornybar energi, og har samla sagt at det er viktig å leggje til rette for langsiktig utvikling av lønsam vindkraft. I dag er landbasert vindkraft lønsamt. Havvind er det ikkje. Vasskraftutbygging er mindre attraktivt på grunn av skattereglar, og også her møter styresmakter og utbyggjarar miljømotstand.

Sjølvsagt er det lov å endre meining om ein brått har oppdaga at ein ikkje treng meir fornybar energi, om ein har sett at inngrepa i naturen blir for store eller rett og slett at ein er i utakt med folkemeininga.

Alt som før

Men det er altså ikkje tilfelle. Ein vil halde fram som før. Og akkurat no blir det bygd ut meir vindkraft enn nokon gong.

Det er planen ein er imot, som om det er betre å gjere noko utan ein plan enn med. Slik logikk ein må til Olsen-banden for å finne fagleg forankring i. Egon Olsens «jeg har en plan» gjekk som regel skeis.

Det er tre år sidan energimeldinga «Kraft til endring» var behandla i Stortinget.

I stormen rundt vindkrafta kan regjeringa ende opp kraftlause – i alle fall til valkampen er over. Høyringsfristen er utsett til etter valet. Endar det med skroting, kan vi igjen sitere frå Don Quijote: «Intet er vunnet og intet er tapt».

Alt blir som før. Som no.