Det såg så pynteleg ut ved starten av valnatta. Arbeidarpartiet tok avspark, og valvinnar Senterpartiet la opp til det som såg ut som finspel sentralt på midten og venstre kant.

Men allereie der kokte det under overflata. Tove Lise Torve (Ap) reagerte på at Senterpartiet kom til dei som ein del av ei blokk i sentrum, med Venstre og KrF på laget. Ho meiner at dei hadde ein klar avtale om at dagens koalisjon på fylkestinget først skulle forhandle før ein eventuelt søkte andre løysingar.

Sprakk så det sang

Og Senterpartiet stilte harde krav. Kristin Sørheim (Sp) skulle bli ordførar og Venstre skulle med sitt einslege mandat få ein ettertrakta plass i fylkesutvalet. Dette var resultat av ein avtale frå tidleg i sommar, som valnatta ville gi taparane i sentrum, KrF og Venstre, uttelling langt ut over valresultatet.

I løpet av dei første nattetimane vart strekken i laget etterkvart tydeleg., både gjennom forhandlingspauser og sonderingar med alternative partar. Til slutt sprakk det. Senterpartiet marsjerte ut saman med resten av sentrum til tonane av «Dei ville ha alt. Det kunne dei ikkje få».

Sentrumspartia brukte natta og morgontimane godt. Før normal frokosttid hadde Senterpartiet, Venstre og KrF stabla på beina ein samarbeidsavtale med Høgre. Kristin Sørheim skulle få fylkesordførarposten, Anders Riise (H) fylkesvaraordføraren, Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) leiar i Samferdsleutvalet og Venstre og Pål Farstad plass i fylkesutvalet.

Høgt spel

Avtalens svake punkt var at den ikkje hadde eit fleirtal bak seg. Det er høgt spel med stor risiko.

Då small det.

Senterpartiet hadde gått til Høgre for å få hjelp. Arbeidarpartiet svarte med å gå til Frp, begge meinte seg svikta og skvisa. Begge var frustrerte og forbanna.

Før printerpapiret hadde rukke å bli kaldt, var politikkens utestengte motpolar samla i eit stormløp. Med strake bein og knottane først kasta dei seg inn mot motparten så det knasa i knoklar og gjørma skvatt. I eit skikkeleg grisespel vart avtalen feid av banen mindre enn tre timar etter at den var offentleg kjent.

Møljespel

Finspel var det slutt på. Teknisk brillianse var bytta ut med møljespel, og reglane var henta frå rugby.

Høyr berre:

Ap bidrar til å gi Frp deira drøymeposisjon, leiaren i Samferdsleutvalet (Frank Sve), tre plassar i fylkesutvalet og sju plassar i fag- og underutval. Bak innsettinga av Sve i samferdsleutvalet står også klima-, bompenge- og samferdslemotpolen MDG. I bytte får dei ein plass i dette utvalet, i fylkesutvalet og leiaren i kultur- og næringsutvalet.

Med Frp si hjelp får Ap fylkesordføraren, fylkesvaraordføraren, leiar i utdanningsutvalet og nestleiaren både her og i dei andre fagutvala, samferdsle og kultur- og næringsutvalet.

Solid gevinst

Ei slik uttelling har Ap i Møre og Romsdal aldri hatt før, heller aldri dei tre gongane etter andre verdskrig då partiet var oppe i over 30 prosent. Utan ei slik uttelling ville Torve aldri fått klarsignal til å forene krefter med Frp.

Frp meiner på si side også at dei har uttelling langt over det valresultatet tilseier.

Fogderimotpolane Nordmørslista (NML) og dei to «sunnmørslistene», Uavhengig valliste for Sunnmøre og Tverrpolitisk liste for Sunnmøre og Pensjonistpartiet, fekk også sitt – plass i fylkesutvalet (NML), samferdsleutvalet (begge dei to fogderilistene frå Sunnmøre) og plass i både kultur- og næring og utdanning (NML).

Høgre, Senterpartiet, Venstre og KrF stod att skadeskotne og på bar bakke.

«Valteknisk samarbeid». Orda kvitvaskar draktene etter eit politisk gjørmespel med politiske motpolar på lag i eit rått spel om makt.

SV og Rødt stilte seg sjølve på sidelina, og meinte det var eit svik mot eigne veljarar å hjelpe Frp og Høgre til makt.

Sak til sak

For fylkespolitikken dei neste fire åra betyr fråveret av ei politisk plattform at det ikkje står ein samla fleirtalskoalisjon når budsjett og krevjande saker skal losast gjennom. Her må ein finne fleirtal frå sak til sak.

Det kan bli krevjande. Mindre krevjande blir det ikkje når den fylkeskommunale gjelda nærmar seg ni milliardar mot slutten av fireårsperioden.

Vi har enno ikkje sett siste omgang.

Valets tapar kan bli materialforvaltar, fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Nokon må fikse utstyret og vaske draktene.

(Retting: Opprinnelig stod det i teksten at Ap måtte avgi plass i fylkesutvalget til Venstre. Det er ikke korrekt, og er nå tatt ut. Sentrumspartiene krevde at Sp skulle få fylkesordføreren, og ellers ikke noe ut over det de hadde rett på som egen gruppe. Det var Sp som skulle avgi plass i fylkesutvalget til Venstre.)

Yvonne Wold (SV) valgte å sette seg sjøl på sidelinja i siste omgang i kampen om fylkesmakta av hensyn til løftet til egne velgere om å ikke bidra til å hjelpe Frp eller Høgre til makt. Foto: Staale Wattø