Ingen smilte breiare enn senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum valnatta. Senterpartiet er valets store vinnar, saman med MDG.

Sp sopte inn pott etter pott utover natta. I 25 kommunar – frå Tydal til Tynset fekk partiet reint fleirtal. I Møre og Romsdal kom Gjemnes, Ørsta, Stranda og Surnadal, alle med over 45 prosent, like bak.

Rekord

Ikkje rart Vedum gliser. Ikkje eingong EF- eller EU-kampen har gitt eit slikt kommuneresultat. Berre stortingsvalet i 1993 toppar dette. Sp er berre tredje størst, men målt i kvadratkilometer er det ingen ved sida. Norgeskartet er blitt grønt.

OK, ein kan kanskje diskutere kor grønt partiet er. I miljø- og klimasak er det ikkje MDG-grønt som på Grünerløkka og Sagene.

I rovdyrforvaltning kanskje ikkje så grønt som Venstre, men meir enn grønt nok for sauebøndene i Tynset som gav 50 % til Sp – Venstre 0,8. Og der Venstre har si siste grøne «Gibraltar-klippe» i to kommunar ved Stad, er Sp størst i 129.

Sau og ulv har gjort sitt, saman med nei til nedlegging og samling av lensmannskontor, trafikkstasjonar, fødeavdelingar, lokalsjukehus, NAV-kontor, HV, brannregionar, høgskular, skattekontor, gardsbruk og ikkje minst kommunar – og motstand mot EU, energidirektivet, EØS, ekspertar innanfor Ring 3 og DAB-radioar.

Distrikts-populisme

Sidan Vedum vart vald til partileiar på det ekstraordinære landsmøtet på Lillestrøm i 2014 har han pussa og gnidd på denne profilen til den strålte i distriktspopulistisk glans.

Suksessen vil setje spor. Neppe slik at sentraliseringa blir sett i revers og byfolk flyktar frå Solli plass til Solund. For det første var flyttestraumane sterkare før, og nedlegginga av gardsbruk og sjukehus større då Senterpartiet sat i regjering.

Dessutan er det i Stortinget og regjeringa kontrollen med girspaken og gassen er, ikkje i dei 356 rådhusa i landet.

Lokalpolitikarane sit ikkje i førarsetet. Men ordførarmakta Senterpartiet no får, kan gi eit grep om handbremsa. Ikkje med ein bråbrems eller ein real handbrems-sladd som på Esso i Ørsta eller gata i Bø i Telemark, men nok til å dempe farta.

Oppskrift som smittar

Senterpartiet si suksessoppskrift smittar. Jonas Gahr Støre (Ap) har allereie fått på seg lusekufta og snudd tommelen ned for ei politireform dei har støtta, og har signalisert vilje til å reversere deler av ei regionreform Ap var pådrivar for.

Arbeidarpartiet prøver, men der Senterpartiet snakkar klart, har Ap munnen full av styringsparti-bomull.

Kommunalminister Monica Mæland (H) er dette valet sin dobbel-tapar. Ikkje berre har det gått utforbakke med Høgre, men samtidig møter kommunereforma ein brattare motbakke.

Også i denne valkampen har Mæland snakka varmt for færre rådhus. «Kommunereforma er ikkje over», har ho sagt. Det ho i staden får, er færre rådhus med Høgre-ordførarar i. Senterpartiet tar over og utfordrar også Ap i ordførarkappløpet. Inordvest har så langt mellom anna Sande, Ørsta, Sykkylven, Stranda, Vestnes og Volda fått Sp-ordførar, og fleire kan kome.

Ballen hos uvillege ordførarar

No avgjer ikkje ordførarane samanslåing av kommunar åleine, og Senterpartiet har også vore med på ei og anna. Men no skal det bli tungt.

For der Jan Tore Sanner (H) sparka i gang ein omfattande prosess med stor kraft, ligg no ballen hos kommunane. Prøv du å få ein Sp-ordførar til å sparke ball der kvart spark nesten berre kan gi sjølvmål. Då lar han den heller ligge.

Vi har fått færre kommunar i Norge, men ingen ny kommunestruktur. Slik vil det halde fram å vere så lenge samanslåingar skal vere frivillige og kommunane har god økonomi.

Meir medvind

Det einaste som kan gi Monica Mæland sitt reformarbeid gode tider, er at det blir dårlege tider for kommunane.

Smalhans er også ein slags tvang, men Høgre sitt problem er at det berre vil gi Vedum meir medvind og endå større veljarkake.

Jan Erik RøsvikPolitisk redaktør