Laurdagskommentar

«Grønt skifte for kommunereforma»

Brått vart det fart i det grøne skiftet, men kanskje ikkje heilt slik regjeringa hadde tenkt.

Meir kake: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum er valet sin store vinnar. Partiet vart størst i 129 kommunar, og Vedum nøyer seg ikkje med smular. Han vil utfordre Arbeidarpartiet sin posisjon som landets største ordførarparti. No kan han bruke ordførarmakta til å knuse regjeringa sin draum om ein kommunereform som rullar vidare av seg sjølv. For Vedum er festen enno ikkje over. Det er meir kake igjen. Foto: NTB Scanpix  Foto: NTB Scanpix

Kommentar

Ingen smilte breiare enn senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum valnatta. Senterpartiet er valets store vinnar, saman med MDG.