Dramaet om makta i fylkestinget i Møre og Romsdal tok ei ny, brå vending mandag.

Utsiktene til å ende opp med å hjelpe Tove-Lise Torve (Ap) til å bli fylkesordførar utan å få noko igjen for det, gjorde at Frp og Frank Sve sette ned foten. Avtalen som Ap signerte med Frp, fogderilistene og MDG dagen etter valet, forliste med dette.

Dermed var Senterpartiet igjen inne i dansen, ein dans som mandag kveld enda opp med at fylkestinget sitt raud-grøne fleirtal, med støtte frå sentrum, fordeler makta mellom seg.

Tove-Lise Torve beheld plassen som fylkesordførar. Arbeidarpartiet får også fylkesvaraordføraren.

Senterpartiet får leiaren i dei tre hovudutvala, Samferdsleutvalet, Utdanningsutvalet og Kultur- og næringsutvalet. Den næraste tida vil avtalepartia, Ap, Sp, KrF, Venstre, MDG og SV, forhandle fram ein politiske avtale som skal ligge i botnen av samarbeidet.

Gambla på jokeren

I praksis var det meste av håp for avtalen mellom Frp, Ap, MDG og dei tre fogderilistene ute allereie i same stund som Pensjonistpartiet fall ut av fylkestinget og SV fekk sitt tredje mandat. Då var det ikkje lenger fleirtal bak det kontroversielle valtekniske samarbeidet.

Dette skjedde alt tirsdag kveld i førre veke, same dag som avtalen var signert.

Likevel gambla både Ap og Frp på at den skulle stå seg heilt til fylkestinget i oktober, sjølv om dei ikkje hadde kontroll på heile kortstokken lenger.

Jokeren var SV.

Korthuset raste

Heile avtalen stod og fall på om SV ville stemme blankt. Gjorde dei det, ville avtalen stå seg. Gjorde dei ikkje det, ville den falle.

SV sitt dilemma var at dei korkje ville hjelpe Frp eller Høgre til makt. Etter kampane valnatta og dagen etter, var det dette dei måtte velje mellom.

Klemt mellom desse to alternativa, sa partiet tidleg i førre veke at dei ville stemme blankt.

Det store paradokset var at fylkestinget faktisk hadde eit raudgrønt fleirtal, sjølv utan støtte frå KrF og Venstre.

I løpet av helga sa så SV at dei vurderte å stemme på ein annan leiar i Samferdsleutvalet. Altså at fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Sve, likevel ikkje ville få dette vervet. I så fall ville Frp stå att med nix og nada for å støtte Torve.

Press og lokking frå Ap hjelpte ikkje.

Slik fall heile korthuset saman.

Fann takta

Dermed var det duka for nye forhandlingar på raud-grøn side.

Dei same dansepartnarane som gjekk frå kvarandre valnatta etter kamp om fylkesordførarvervet, fann saman igjen på parketten.

SV sin toppkandidat, Yvonne Wold, diska opp med heimebakst, slik ho hadde lova om Sp og Ap fann saman att. Utover mandagen vart det ført samtalar og forhandlingar mellom Ap, Sp, KrF, Venstre, MDG, Rødt og SV.

Tilbake til start

Så kan veljarane lure på kva godt som kom ut av runddansen. Valets store tapar (Ap) sikra seg likevel fylkesordføraren, og valets store vinnar (Sp) får den ikkje.

Slik var det også valnatta. Då gjekk Sp, Venstre og KrF frå forhandlingane med Ap, SV og MDG, og skreiv ein avtale med Høgre. Ap sprang då til Frp og fogderilistene saman med MDG og fordelte postane mellom seg.

Avgjort frå sidelinja

SV vart jokeren som avgjorde.

Saman med Rødt sette SV seg på sidelinja då Ap gjekk til Frp.

Men kven har sagt at kamp ikkje kan bli avgjort frå sidelinja?

Med sine tre mandat har SV pressa Frp ut av posisjon og tvinga Ap og Sp til å snakke saman igjen.

Tilbake på sidelinja sit Høgre, Frp og fogderilistene. Frp, som var ein av valet sine vinnarar i Møre og Romsdal, må som dei andre nøye seg med dei posisjonane dei kan få med eigne musklar.

Fylkestinget får eit fleirtal som snakkar saman og samarbeider politisk.

Med dei økonomiske utfordringane som ventar, kan det bli avgjerande.