Høgre har tapt ordførar-kampen på alle frontar. Dei har tapt i storbyane og dei har tapt i distrikta.

Ap vart valtaparen, men i ordførarkampen blør Høgre mest. Det er dramatisk for Erna Solberg. På sikt kan det by på meir alvorleg trøbbel enn regjeringspartnarar som kranglar som hormonelle tenåringar.

Aldri før mista så mange

Solberg har leia partiet inn i regjering og Høgre-ordførarane ut av norske rådhus. Partiet har aldri tapt så mange ordførarar som under Solberg sin statsminister-periode.

Då Høgre tok regjeringsmakt i 2013, hadde partiet 119 ordførarar. Meir enn halvdelen av folket budde i ein Høgre-styrt kommune.

No kan partiet hamne nede på 60-talet. Alle storbyane er tapt. Bærum er den einaste store Høgre-bastionen som er att.

Blå kyst har blitt raud-grøn

Sjølv den ein gong så blå kysten av Vestlandet er teppelagt med raudt og grønt. Etter valet i 2011 hadde Høgre 46 ordførarar i dei no tre vestlandsfylka. Så langt etter årets val har dei 10.

Av 94 ordførarar er så langt berre 22 kvinner. Høgre på Vestlandet har berre menn.

Sunnmøre er tapt

Ingen kommunar på Sunnmøre får ordførar frå Høgre, og berre ei får ordførar frå Frp. Det blå Sunnmøre er historie på ordførarkontora. Slik er det langs det meste av kysten i vest.

Senterpartiet stormar fram, og tar 34 av vestlandskommunane, 11 av dei i Møre og Romsdal. Ap går tilbake, men kjem på andre plass i vest, og får minst 28 ordførarkontor – åtte av dei i Møre og Romsdal.

Bør gi vakenetter

For Høgre er det motsett. Det bør gi Solberg vakenetter fram mot 2021. Ordførarsuksessen i 2011 var både eit forvarsel om suksess og ei styrkeoppbygging fram mot stortingsvalet som gav Høgre regjeringsmakt.

Årets val kan vere eit varsel om det motsette. Med nær halvparten av ordførarane borte, er ein viktig del av partiapparatet svekka.

Mindre kraft mot neste val

Utan ordførarar er der ingen til å pusse glaset på utstillingsvindauga for Høgre-politikken, og der er mindre kraft når valkampmaskinen skal sveivast i gang.

Solberg har fleire ting å få styr på enn Abid Raja og Siv Jensen om ho vil halde fram som statsminister om to år.