Brå og uventa inntektstap er ikkje grunnen til at Møre og Romsdal fylkeskommune er i krise. Det er ingen brottsjø av uventa kostnadar som har skylt inn over fylkeskommunen.

Kutta fylkespolitikarane vart nøydde til å ta no, er resultatet av ei drift som over tid ikkje har vore berekraftig. Tilbodet innan utdanning, samferdsel og kultur har vorte for dyrt og for omfattande i høve til inntektsnivået.

I budsjett etter budsjett, i sak etter sak, har dei satsa meir enn det var økonomisk grunnlag for.

Det er altså ikkje vond vilje som har ført til skule- og ferjekutt. Det er altfor god vilje over altfor lang tid.

Mot minus på kontoen

Tar du meir ut av kontoen enn det som kjem inn, går den før eller seinare i minus. Det er den brutale sanninga for meg og deg. Slik er det også for ein fylkeskommune.

Kuttar du ikkje i utgiftene i tide, står namsmannen snart på døra – eller for fylkeskommunen sin del: Staten med Robek-lista og streng statleg styring som ris bak spegelen.

Lærarar, elevar, næringsliv og ferjependlarar har mobilisert til protest før dette fylkestinget. Presset på fylkespolitikarane har vore massivt. Det har ført til at kuttlista på dei vidaregåande skulane har vorte kortare, og den ekstra takstauken på ferjene på til saman 30 millionar kroner vart droppa.

Lang kuttliste

Likevel står fylkeskommunen att med ei alvorleg kuttliste.

Ingen katastrofe kanskje, men alvorleg nok for dei som blir råka.

I dette fylkestinget har det politiske fleirtalet, Ap, Sp, KrF, SV, Venstre, MDG og Rødt, lagt ned nærare 20 utdanningstilbod ved dei vidaregåande skulane. På toppen av dette kuttar dei ramma til utdanningssektoren med 13 millionar kroner, men utan å seie kva det skal ramme.

Så kuttar dei i buss- og ferjeruter, droppar rundt 20 millionar i vegvedlikehald og knip igjen 8,5 millionar på praksisen med spleiselag for gangvegar med kommunane. Så stryper dei også her rammene med 13 millionar, utan å peike konkret på kvar det skal skje.

Ingen faklar

Ingen fyrer faklar for gangvegar som ikkje vert bygd. Ingen lagar slagord for skuletilbod som har utdatert materiell. Ingen marsjerer for vegar som ikkje blir haldne ved like. Ingen opprettar facebook-aksjonar for siste-bussen som ikkje går.

Likevel er også dette kutt som svir.

Det svir for dei som blir råka, og det svir for politikarane.

Alle kutt smertar

Ein kan godt kritisere fylkespolitikarane for dei vedtaka som er gjort. Det hadde vore mogeleg å gjere det på anna måte, men ein kan ikkje gjere kutt som ikkje råkar nokon. Kutt vil alltid smerte.

Om Høgre heller hadde vunne fram med å kutte i skulestrukturen, og leggje ned skular, så er ikkje det utan konsekvens.

Når Frp vil kutte kvar tredje krone i kulturtilskot, så er dette også kutt som svir.

Rundt 30 millionar i året mindre til Sunnmøre museum, Atlanterhavsparken, Moldejazz, Kulturkvartalet i Ålesund, friluftsråda, idretten, Storfjordens venner, speidarar, kor og orkester, RaumaRock og Naturfestivalen i Ørsta gjer oss litt fattigare på kulturopplevingar, svekkjer fritidstilbodet til barn og unge og gjer oss dårlegare i stand til å ta vare på kulturarven og historia vår.

Mindre attraktive

Ingen katastrofe det heller kanskje, men som region blir vi litt mindre attraktiv.

Ingen kan altså kome seg ut av ei slik økonomisk kattepine utan kloremerke. Den som har hatt katt, veit at det svir.

Så kan vi skulde på regjeringa. Hadde fylket fått meir til ferjedrifta, så hadde mykje vore løyst.

Problemet er at det har fylket korkje fått eller fått lovnad om.

For framoverlent

Likevel har partia på fylkestinget steg for steg i fleire periodar skrudd opp driftsnivået meir enn dei har hatt økonomisk dekning for. Og dei har investert i skular, ferjer og vegar.

Så når dei no må kutte til susen frå ei gjeld som skrapar i skydekket og til surklinga i sluket frå fond som går tomme, så er det ikkje av vond vilje. Tvert om. Her har det vore altfor mykje god vilje – altfor lenge.

Ynskjet om å vere framoverlent har vore altfor stort.

Lener ein seg langt nok fram, ja då ligg ein der til slutt.