Ingen som er avhengige av ferjer i det daglege, har nytte av krangelen om kven som har skulda for svindyre ferjereiser.

Staten og fylket er «partners in crime». Krangelen om skuld er ein debatt fullstendig ute av kurs. Vil ein køyre skuta rett i moloen, så er det berre å halde fram slik. Konstruktivt er det ikkje.

Vil ein køyre skuta rett i moloen, så er det berre å halde fram slik. Konstruktivt er det ikkje.

Besøket i Møre og Romsdal frå samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) denne veka er ein god start. Det syner ei regjering som vil lytte.

Det er på tide. No har vi høyrt lenge nok at fylkeskommunen må ta ansvaret åleine. Fylkeskommunen har berre dei pengane dei får frå staten og frå billettinntekter.

Reknestykket skulle vere enkelt det:

Kostnader– statlege overføringar= billettinntekter

Heilt så rett fram er matematikken likevel ikkje. I tillegg til reine driftskostnadar kjem omstillingskostnader med overgangen frå diesel og gass til elektriske ferjer.

Det har staten bestilt. Fylka utfører under frivillig tvang i klima- saka sitt namn. Så kjem omlegginga til autopass. Også det er bestilt av staten, og fylka utfører også det under frivillig tvang.

Ordninga er super for dei som kan gå i tøflar heimanfrå til ferja og vidare til jobb. Det er få i distriktsfylka i nord og vest som har det slik.

Næringstransporten har ikkje tøflar ein gong, men spring i piggsko for å skape inntekter nok for å overleve.

På toppen ligg kostnadar som kjem av at fylka har lagt opp til eit betre ferjetilbod enn finansieringsnøkkelen til staten har lagt til grunn.

Problemet er at dei har finansiert mellomlegget med sparepengar, og når dei tar slutt må dei hente pengane slik: Frå staten, billettprisen eller kutt i tilbod – enten rutekutt eller på andre område som skule, tannhelse og kultur.

Ansvaret for ferjekrisa er altså delt, sjølv om det kan vere nærliggande å seie det ligg tyngst på staten som sit på pengesekken.

Poenget for dei som vurderer å flytte frå bygda fordi det er blitt for dyrt å leve der, er likevel ikkje dette.

Heller ikkje for naboen som ser at dei tar med seg grunnlaget for nærskulen er det grubling over skuld som tek nattesøvnen. Bedrifta som ser det lyser raudt på botnlinja fordi dei blir pålagde nye millionar i ferjekostnader treng heller ikkje svar på dette.

Spørsmålet dei alle vil ha svar på, er når dette blir fiksa. Og så lenge krangelen går, så har dei god grunn til å gjere opprør.

Det er lov å vere forbanna når du er invitert på restaurant, og dei som inviterte stikk frå rekninga og gir deg ansvaret for å ta den.

Fire fylkeskommunar samla seg fredag i felles front saman med KS. Det viktigaste med dette initiativet er ikkje at fire ropar høgre enn ein, men at dei saman kan dokumentere fakta på kor store meirkostnadar dei har på ferjedrifta.

Så må fylka og regjeringa i partnarskap finne ut kven som skal plukke opp rekninga, i ein diskusjon basert på solide fakta.

Folket langs kysten kan i alle fall ikkje finne seg i å få rekninga slengt i fjeset, når regjeringa klarer å finne fram ein ekstra milliard på «no time» berre nokon kviskrar «bompengeopprør».