Kommentar om kristen folkehøgskule:

«Viktig tilbod for unge som vil ha eit alternativt skuleår»

Den skuletrøytte guten droppa ut av vidaregåande fordi han ikkje orka meir. Eit år på folkehøgskule i Ålesund vart redninga for han. I dag er han i full jobb og har det bra.

Musikkfag: Mange unge drøymer om å spele i band. Musikkline med vekt på pop, rock og elektronika er eit av tilboda ved den planlagde folkehøgskolen på Sjøholt.   Foto: NTB/Shutterstock

For kvar einaste ungdom som får mulegheit til å utvikle sine evner, kan gevinsten for samfunnet bli svært stor

Kommentar

Etter planen skal ny folkehøgskule med plass til 100 elevar opne på Sjøholt til hausten. Det spesielle med denne skulen, er at den tilbyr plass for for 16-åringar og oppover. Dei fleste folkehøgskulane har 18-års grense, og er eit populært tilbod for mange etter vidaregåande. Men kva med dei som er yngre?