«Balansegangen vi må lykkast med»

Dersom den nasjonale dugnaden mot koronaviruset skal lykkast, er god informasjon avgjerande.

Korona Epidemien er blitt ei tung bør for mange, både økonomisk og helsemessig. No er det viktig at vi stiller opp for kvarandre. Teikning: Inger Giskeødegård  

Å stenge ned store delar av samfunnet er eit eksperiment, og ingen har fasiten

Kommentar

Det som må ha aller høgast prioritet i desse dagar, er tiltak som kan stanse spreiing av koronasmitte. Dersom mange blir alvorleg sjuke samtidig, og det ikkje er kapasitet til å gi intensiv behandling til alle som treng det, kan konsekvensane bli katastrofale. Derfor har dei aller fleste forståing for at det er behov for å stenge ned store delar av samfunnet for å hindre at viruset spreier seg.

Nedbremsinga får samtidig konsekvensar for samfunn og arbeidsliv. Det må ikkje bli slik at enkeltpersonar blir ståande att åleine med rekninga. Derfor er det behov for å balansere effektane av stenginga, med offensive tiltak for å berge velferd og arbeidsplassar. Lista med tiltak som regjeringa presenterte fredag, er ein start, men ikkje nok. Det er behov for meir.


Treng fleire tiltak for å unngå konkursar

– Ein god og viktig start, men bedriftene treng meir, seier NHO-direktør Espen Remme etter å ha sett strakstiltaka regjeringa set inn for å hjelpe næringslivet gjennom koronakrisa.


Stort informasjonsbehov

Staten må gjere sitt for å løyse krisa, og så må vi alle bidra med det vi kan gjere. Behovet for informasjon er enormt. Som mediehus er oppdraget vårt å formidle kvalitetssikra informasjon så raskt som muleg, og sørge for at folk får svar på viktige spørsmål. Utan truverdig journalistikk, er vegen kort til ryktespreiing og desinformasjon. Det skaper utrygge forhold, og gir grobotn for mistillit, både mellom menneske, og mellom menneske og institusjonar. Det er svært skadeleg.

Både her i Sunnmørsposten og i andre aviser på Nordvestlandet blir det lagt vekt på nøktern, faktabasert journalistikk om epidemien, slik at alle kan vere godt informerte. Også på dette området, handlar det om å finne den rette balansen. Vi skal ikkje skape unødvendig uro, men orientere sakleg om alle forhold som har betydning.


Kommunen søker korona-hjelp – frir til permitterte ansatte og studenter

«Kan du bidra?» spør Ålesund kommune i stillingsutlysninger hvor de ser etter diverse helsepersonell som kan hjelpe til under koronakrisen.



På smp.no har vi oppretta eit direktestudio der vi legg ut korte meldingar om korona-utviklinga fortløpande, og der lesarane kan stille spørsmål og få svar. Lesarar har til dømes stilt spørsmål om karantenereglar, om sjukmelding i samband med koronasmitte, om viruset er farleg for gravide og om konsekvensar for drosjenæringa. Journalistar er ikkje ekspertar på alle fagfelt, men journalistar er ekspertar på å finne svar, anten ved å leite seg fram i skriftlege kjelder eller ved intervjue folk som har den aktuelle kompetansen. Det er gledeleg at mange lesarar stiller spørsmål, og kjem med synspunkt og kommentarar som er relevante for andre.

Heimekontor Dei siste dagane er Sunnmørsposten blitt laga frå heimekontor. Her er journalist Line Helgesen heime på Vigra.   Foto: Staale Wattø

Heimekontor

Måndag bestemte vi oss for å teste beredskapen i Sunnmørsposten, ved at halve redaksjonen skulle jobbe heimanfrå torsdag. Alt vart gjennomført som planlagt, men i løpet av torsdag innsåg vi at dette ikkje var ein test lenger. Det var alvor. Torsdag kom meldinga om at skular og barnehagar vart stengt, og foreldre måtte reise for å hente barna sine. Torsdagsavisa, både på nett og papir, vart derfor laga frå heimekontor. Det aller meste av den interne kommunikasjonen gjekk føre seg digitalt Alt fungerte som planlagt. Det er lærerikt og nyttig å jobbe på nye måtar, og på dette området kan vi lære av kvarandre, på tvers av næringar. Som bedrift er vi opptatt av å vise samfunnsansvar ved å redusere risikoen for smitte, og la folk jobbe frå heimekontor. Det er det mange andre bedrifter også som gjer. Det handlar om å finne ein balanse mellom smittevern og forsvarleg aktivitet.

For at ein dugnad skal bli vellykka, er det viktig at vi veit kva som skjer. Folk treng å forstå kvifor drastiske tiltak for å hindre smitte er nødvendige, når tiltaka kan ha negative følgjer. Å stenge ned store delar av samfunnet er eit eksperiment, og ingen har fasiten. Derfor er det behov for nokon som stiller kritiske spørsmål, og belyser konsekvensane av vedtaka. Det er behov for kanalar der folk kan gi uttrykk for sine meiningar, stille spørsmål og bidra til gode løysingar. Målet er at vi skal kome gjennom denne krisa på ein god måte, og då må vi vite om kvarandre.

Nettvakt: Journalist Tarjei Engeset Ofstad, oppdaterer smp.no med stadig nye meldingar om koronaviruset. Her frå heimekontor i Ålesund.   Foto: Staale Wattø

Ansatt ved Ålesund sjukehus testa positivt på korona

En ansatt har testa positivt på koronavirus, melder Helse Møre og Romsdal fredag kveld. Vedkommende var på jobb mandag og tirsdag, men hadde ikke direkte kontakt med pasienter.



Smitteverndugnad – ikke hysteri:

Ærlighet i koronaens tid

Jeg synger på do igjen, men det er ikke det verste du har i vente.



Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kommentar