Digital trafikkrekord og opplagsvekst

«Takk for at du hjelper oss å gjere jobben vår»

Normalt ville vi ha feira og laga sak då opplagstala vart presenterte sist tysdag. Men ingenting er normalt i desse dagar. Vi hadde knapt tid til å sjå på dei gledelege tala.

Mediehus: Plakater fortel at mediehuset er koronastengt, men arbeidet pågår for fullt frå heimekontor.  

Trass i digital trafikkrekord og opplagsvekst, er det ikkje tid for feiring

Kommentar

Det er ei tid for alt. Dei siste dagane har det meste handla om å sørge for presis og kvalitetssikra informasjon om koronakrisa og dei effektane epidemien har på samfunnet vårt. Journalistar har jobba seint og tidleg med å rapportere, sjekke fakta, svare på spørsmål og bidra til at alle blir best muleg informerte. For å delta i dugnaden med å avgrense smitte, jobbar vi alle frå heimekontor.

Tala som vart presenterte av Mediebedriftenes Landsforening denne veka, viser at Sunnmørsposten hadde 26.323 abonnentar andre halvår i fjor, som er 527 fleire enn første halvår. For tredje år på rad har Sunnmørsposten opplagsvekst, og det er vi jublande glade for.

Lesartala fortel at rundt 80.000 personar les Sunnmørsposten kvar dag, anten på papir, desktop eller mobil – og då er all dobbeltdekning trekt frå. Tusen takk til deg som abonnerer. Du gjer at vi er i stand til å nå ut med livsviktig informasjon når behovet er størst.

Digitale rekordar

Ingen tvil om at behovet for informasjon er enormt for tida. Sist veke hadde vi over 3,7 millionar sidevisingar på smp.no, og det er rekord. Det er nesten dobbelt så mange sidevisingar som vi har på ei vanleg veke. Over 270.000 unike brukarar var innom nettstaden. Mykje tyder på at det blir ny rekord denne veka. Vi er glade for at så mange bruker Sunnmørsposten på nett og mobil for å oppdatere seg, i tillegg til å lese papir- eller e-avisa.

Saker på smp.no som har dekt allmenne informasjonsbehov om koronaepidemien har vore opne for alle. I vårt direktestudio har vi informert alle fortløpande og gjort vårt beste for å finne svar på spørsmål frå lesarane. Både unge og eldre har brukt avisa for å orientere seg.


Saker i pluss

Sjølv om det meste koronastoffet har vore ope, har vi også hatt saker som er lagt i pluss, det vil seie at dei berre er tilgjengelege for abonnentane våre. Det gjeld til dømes saker om verknadane av koronakrisa på næringsliv og intervju med menneske som har er blitt råka. I motsetnad til tidlegare, opplever eg at dei aller fleste lesarane forstår at alt ikkje kan vere gratis. Journalistikk kostar pengar å lage, og det er ikkje gratis å ha folk på vakt seint og tidleg. Eg skulle ønskje det fanst ordningar som gjorde det muleg for alle innbyggarar å abonnere på ei avis, også dei som har dårleg råd. Sjølv kan eg ikkje forstå at det er muleg å klare seg utan.

Ris og ros

Trass i opplagsvekst og digital trafikkrekord, er det ikkje tid for feiring. Koronakrisa rammar alle deler av næringslivet hardt, og mediehusa er ikkje noko unntak. Sunnmørsposten får ikkje direkte pressestøtte, og vi lever av dei inntektene vi klarer å skape. Våre to inntektskjelder er abonnement og annonsar. Når annonsekronene forsvinn, mister mediehusa ein viktig del av inntektsgrunnlaget.

Fleire mediehus på Nordvestlandet har meldt at det kan bli permitteringar framover, og mange er redde for at koronakrisa skal ta knekken på små og store lokalaviser. Det vil vere eit stort tap. Derfor er det viktig at politikarane ser verdien av å styrke lokale- og regionale mediehus, og set i verk nødvendige tiltak. Vi treng alle nyheiter vi kan stole på.

Det er ei tid for alt. No er det tid for å takke. Takke alle som gjer oss i stand til å utføre samfunnsoppdraget vårt i ei krevjande tid.

Takk til deg som les Sunnmørsposten, takk til deg som sender oss tilbakemeldingar, takk for kritikk og takk for ros, takk til deg som annonserer og bidreg til at vi kan informere fleire, og takk til deg som abonnerer.

Vi skal gjere vår del av jobben for at folk kan kome gjennom krisa på ein best muleg måte.


No har også aviser begynt å permittere

Tiltaka for å avgrense korona-viruset har slått delar av næringslivet i svime. No sviktar annonsesalet; ei svært viktig inntektskjelde også for abonnementsavisene.