For vel ei veke sidan vedtok kommunestyret i Ålesund følgjande forslag til nytt punkt i dei lokale politivedtektene: «Ålesund kommune har nulltoleranse mot hatefulle og rasistiske ytringar. Arrangement etter jf. 6.1 og 6.2 skal gjennomførast i samsvar med dette. Brot på påbod vil kunne føre til at arrangementet blir stoppa.»

Ved første blikk kan vedtaket verke ufarleg. Tanken var nok god. Likevel er forslaget svært problematisk, og det er det verdt å reflektere over.

Det finst eit vern mot rasistiske eller hatefulle ytringar i norsk lov i dag. Slike ytringar kan straffast med bot eller fengsel inntil tre år, ifølgje straffelovas paragraf 185. Meiner politikarane i Ålesund at ytringar som er lovlege elles i Norge skal bli ulovlege i denne kommunen? Ønskjer dei at politiet skal gripe inn og sensurere politiske ytringar, eller at folk med meiningar som fleirtalet ikkje liker skal bli nekta å ytre seg offentleg? I så fall er dei på kollisjonskurs med Grunnlovas paragrafar 100 og 101, som skal sikre ytringsfridom og retten til fredelege demonstrasjonar.

Frimodige ytringar

Grunnlova skal verne demokrati, menneskerettar og rettsstaten. Ytringsfridom er avgjerande for å oppnå dette, og derfor er det vesentleg at alle folkevalde er godt kjent med paragraf 100 i Grunnlova. Her står det: «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst. Det kan berre setjast slike klårt definerte grenser for denne retten der særleg tungtvegande omsyn gjer det forsvarleg halde opp imot grunngjevingane for ytringsfridommen.» Det blir også slått fast at staten ikkje kan drive førehandssensur av ytringar.

"Du jeg forstår egentlig ikke hvorfor Ytringsfrihet er så viktig. Er det egentlig så viktig?" spør ein 13-åring på eit nettforum. Han er ikkje den einaste som lurer. Når vi veks opp i eit fritt land der alle kan gi uttrykk for kva som helst, og alle fritt kan kritisere styresmaktene utan å risikere verken straff eller tortur, kan ein kome til å tru at det er slik alle stadar i verda. Det er det ikkje. Norge ligg på verdstoppen når det gjeld pressefridom, og vi lever i eit velfungerande demokrati. Vi må aldri ta dette for gitt, men alltid vere på vakt mot tendensar som kan dra samfunnet i meir totalitær retning.

Ytringsfridom og personvern er to likeverdige menneskerettar som av og til kolliderer. Ein borgars personvern kan bli krenka ved at andre bruker sin ytringsfridom, og då må desse rettane vegast opp mot kvarandre. Kva som er viktigast kan variere frå sak til sak, og derfor har vi eit rettsvesen som avgjer dette.

Tidlegare i år vart ei kvinne dømt i Høgsterett for denne ytringa: «Fandens svarte avkom reis tilbake til Somalia og bli der din korrupte kakerlakk.» Ytringa var retta mot ein namngitt person, og hadde referanse til hennar hudfarge og etniske opphav. Bruken av ordet kakerlakk, gir assosiasjonar til skadedyr. Det var bra at retten slo fast at ytringa er over grensa. Vi skal ikkje godta at menneske blir dehumanisert og fråteke menneskeverdet. Retten la også vekt på at grove personangrep kan skremme folk frå å delta i samfunnsdebatten, og det svekker ytringsfridomen.

Må møtast med motargument

Det er ein vesentleg forskjell på å ta frå personar menneskeverdet, og det å kritisere politikk og religionar. Det siste er både lovleg og nødvendig, og derfor må ytringsfridomen ha vide rammer. Ved at tankar og haldningar blir sett ord på, kan dei møtast med motargument i det offentlege. Det er langt betre enn at ekstreme haldningar får gode vekstvilkår i skjulte ekkokammer.

Fleire ulike forhold kan avgjere om ei ytring er i strid med straffelova. Sjølv om Høgsterett har avklart at ytringa om korrupt kakerlakk er ulovleg, risikerer eg likevel ikkje straff sjølv om eg skriv den same setninga i denne kommentaren. Intensjon og kontekst er avgjerande for korleis ei ytring blir oppfatta.

Paragraf 100 stod uendra frå 1814 og fram til den vart revidert i 2004. Formålet med revisjonen var å styrke grunnlovsvernet om ytringsfridomen, og det vart lagt vekt på tre forhold:

1. Demokrati: Ytringsfridom er ein føresetnad for at vi skal ha folkestyre.

2. Søke etter sanning. Som menneske ser vi stykkevis og delt. Ved fri meiningsutveksling kan vi få ny kunnskap, teste ut argument, lytte og lære av kvarandre. Utan ytringsfridom kan dei som sit med makta diktere kva som skal vere sanning.

3. Personleg fridom: Det er nettopp i fridomen til å tenke, tru og meine kva vi vil, at vi utviklar oss som menneske.

Ytringsfridomsparagrafen gir også alle rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane, og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Ei open forvaltning skaper tillit, og tillit er Norges viktigaste kapital.

Motbydeleg

Det er ikkje 17. mai-talane som treng paragraf 100, men dei provoserande og motbydelege ytringane som går på tvers av det fleirtalet meiner.

I 1882 var det motbydeleg å meine at Norge burde trekke seg ut av unionen med Sverige. Sunnmørsposten vart stifta fordi ingen av dei andre avisene i Ålesund ville ta inn lesarbrev som argumenterte for unionsoppløysing. Den første tida var motstanden mot den nystarta Søndmørsposten med dei ufyselege meiningane så sterk, at avisboda måtte pakke avisene inn i gråpapir for å kunne gå trygt.

Grunnlova bygde grunnmuren for Norge som sjølvstendig nasjon. Utan ytringsfridom, har vi ikkje noko vern for alle dei andre menneskerettane. Derfor er eg ekstra glad i paragraf 100.

Hurra for grunnlovsdagen!