I dag er det nøyaktig eit halvt år sidan Erna Solberg slapp ned ankeret og slo full bakk på maskinen. Vi hadde strak kurs mot isfjellet.

Dagen før hadde Solberg sin danske kollega slått full koronaalarm med stenging av skular, butikkar og strenge restriksjonar på kollektivtransport og forsamling av folk.

Torsdag 12. mars var dei mest inngripande tiltaka i Norge sidan Andre verdskrig også eit faktum 12. mars. Same dag hadde WHO slått full pandemialarm. I land etter land vart tilsvarande tiltak sett i verk, i litt varierande grad og tempo.

For mange var det frå denne dagen alvoret byrja å sige inn med tyngde.

Folketomme bussar, gater og kjøpesenter sette oss i ei kjensle av unntakstilstand som ved ei katastrofe.

Sjølvsagt hadde vi sett skyene tetne til. Vi skimta isflak mellom kvite bølgjetoppar. Som for «Titanic» hadde varsel om isfjell fått oss til å justere kursen. Likevel var mange av oss klare for kveldsdrink på promenadedekk medan vi hosta i olbogen og tenkte det heldt.

På kort tid slutta det norske folk opp om den store dugnaden på imponerande vis.

Eit halvt år etter har vi enno ikkje fasiten. Ikkje veit vi kva dette til slutt vil koste oss, ikkje veit vi sikkert når vi har pandemien under full kontroll og ikkje veit vi kva den har kosta oss.

Så langt veit vi berre at regjeringa sine krisepakkar bikkar tresifra milliardbeløp, og at ingen kjem til å mase om handlingsregelen når budsjettet blir lagt fram i starten av oktober.

Vi veit også at talet på arbeidsledige og -søkjarar er halvert sidan utgangen av april. Vi veit også at helsevesenet vårt bestod stresstesten, og unngjekk det frykta samanbrotet.

Samanlikna med svært mange andre land har vi kome godt ut. Smittetala i Norge er framleis rimeleg lave. Covid-19 har kravd 265 liv. I høve til folketalet er det langt lågare enn mange av dei landa det er naturleg å samanlikne oss med, ikkje berre i Norden. Hadde vi hatt like høg dødsrate som Sverige, USA eller Peru ville det sett svært mange fleire fått ei grav å gå til.

Økonomisk er vi også i smult farvatn. Solide statsfinansar har gitt oss musklar til å setje inn krisetiltak utan at statsgjelda veks over pipa. Tilbakeslaget i økonomien etter andre kvartal er på 5,3 prosent.

Berre Litauen og Irland har kome ut med mindre flenger i skroget blant landa i EØS/ EU.

Spania flyt til samanlikning aller tyngst med eit fall i brutto nasjonalprodukt på over 22 prosent. Tysk økonomi ser heldigvis ut til å vere i ferd med å få fyr under dampkjelen, men fasiten etter andre kvartal der er eit tilbakeslag på 11 prosent - nær det same som nedgangen i BNP i EU.

«Alvoret er ikke over» sa Erna Solberg i sin tale til landsmøtet i Høgre fredag ettermiddag. I ei tid der vi ser lys i horisonten og utkikken sjeldnare og sjeldnare varslar isfjell er dette ei viktig påminning til oss alle.

På verdsplan har talet på døde i Covid 19-pandemien passert 910.000. Berre i løpet av denne veka har talet på registrerte smitta auka frå 27 millionar til 28 millionar.

Sjølv om vi i Norge ser ut til å ha grei kontroll på smitten og dei fleste av oss lever meir eller mindre normale liv, kan vi ikkje senke skuldrene. Dei globale smittetala og dei store lokale smitteutbrota vi har hatt dei siste vekene syner at vi framleis må ha høg beredskap, gode smitteverntiltak og må behalde mange restriksjonar.

Omsynet til liv og helse er sjølvsagt det viktigaste i denne krisa, men heldigvis harmonerer dette godt med omsynet til økonomien.

Det regjeringsoppnemnde Holdenutvalet slo tidlegare i år fast at den mest lønsame strategien også økonomisk er å halde smittetala på nivået vi hadde før sommaren, altså under ti nye smitta per dag.

Akkurat no ligg vi over dette, og må skjerpe oss. Slappar vi av kan nye krisetiltak og strengare restriksjonar igjen verte naudsynte. Vi vil tape fleire arbeidsplassar, pandemien kan koste oss mange tital milliardar meir årleg og den vil ta fleire liv.

Kanskje har vi hatt litt flaks og kanskje har vi hatt litt hjelp av spreidd busetnad når vi trass alt har kome så godt ut av desse seks månadane som vi har gjort. Smitten spreier seg lettare med metroen i ein storby enn på ferjene på E39.

Flaksen kan vi likevel ikkje stole på. Kursen set vi sjølve, og er vi ikkje skjerpa dei månadane som står att til ein vaksine er klar, kan brått eit nytt isfjell dukke opp framfor baugen. No veit vi kva vi har i vente då.

Jan Erik Røsvik, politisk redaktør Foto: Staale Wattø