Sokneprest Sverre Nybø (H) frå Vanylven sat på Stortinget frå 1954 til 1973. Same året døydde advokat Peter Kjeldseth Moe (Ap) frå Ørsta heilt mot slutten av stortingsperioden. Då hadde han sete på tinget sidan 1954.

Det gjekk så 16 år utan folk frå søreluten på Stortinget før Per Sævik (KrF) frå Herøy og Marie Lovise Widnes (SV) frå Vanylven (busett på Hareid) blei valt inn på Mørebenken for 31 år sidan. Sjølv om det blei med ei periode både for Sævik og Widnes, har dei sju sørekommunane fylt på med representantar til nasjonalforsamlinga i åtte strake periodar.

Slik kunne det også heldt fram, om ikkje voldingen Jon Georg Dale (Frp) og ørstingen Fredric Holen Bjørdal (Ap) noko overraskande takka for seg før nominasjonsprosessen tok laust for alvor no i sommar.

Som kjent vert Mørebenken redusert frå ni til åtte representantar neste periode, inkludert eit utjamningsmandat. Det er svekka folketal som ligg til grunn for dette. Så seint som i 2001 hadde fylket ti representantar på Stortinget.

Dei fire største partia får truleg dei sju sikre mandata. Nominasjonsprosessen så langt har peika mot dette som toppkandidatane:

Høgre: Helge Orten (Midsund) og Vetle Wang Soleim (Smøla).

Framstegspartiet: Sylvi Listhaug (Ålesund) og Frank Sve (Stranda).

Arbeiderpartiet: Per Vidar Kjølmoen (Rauma) og Åse Kristin Ask Bakke (Ålesund).

Senterpartiet: Jenny Klinge (Surnadal) og Jan Ove Tryggestad (Stranda).

Men her er fleire atterhald:

Ålesund Høgre har denne veka innstilt Bente Bruun på andreplassen. Ho er busett i tidlegare Haram kommune og har hatt leiarroller både i Nordea og Rolls Royce Marine. Politisk har ho tre perioder bak seg i Haram, dei to første for Venstre. No sit ho i kommunstyret for Høgre i Ålesund og leiar kontrollutvalet. Wang Soleim er ung, sit allereie på Stortinget, men har den ulempa at han er mann (bak udiskutable Helge Orten frå Midsund på førsteplass). Dessutan er han frå Nordmøre, men har likevel sterke støttespelarar på Sunnmøre. Det er gjennomført ei rådgjevande uravstemning til alle Høgre-medlemmene i fylket. Resultatet er så langt ikkje kjent. Nominasjonsmøtet er midt i november.

Heller ikkje i Arbeidarpartiet er det beinvegen. Nominasjonskomiteen kom i alvorleg kattepine då Bjørdal trakk seg langt inne i prosessen. Det har prega arbeidet og det ulmar på partigrasrota. Ålesund Ap har denne veka vraka nominasjonskomiteens forslag Åse Kristin Ask Bakke og held fast ved førstevalet dei flagga tidlegare i sommar, Siv Katrin Ulla. Ålesund Ap krev dessutan førsteplassen til Ulla. Dette er eit høgt spel. I verste fall blir Ålesund utan toppkandidatar for Arbeidarpartiet, for også i Kristiansund Ap er det sterk misnøye. Ap-bastionen i fylket har ifølgje Tidens Krav ikkje hatt sikker plass på tinget sidan Asbjørn Jordahl gjekk ut i 1981. Frå Nordmørslista vert det truga med å stille eigen liste om ikkje Berit Tønnesen kjem opp på sikker plass, noko som berre betyr førsteplassen på lista. På meiningsmålinga til Sunnmørsposten i juni hadde Ap berre eitt mandat inne.

I Senterpartiet står Jenny Klinge sikkert på førsteplassen. Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad har foreløpig heller ikkje takka ja. Han tel på knappane om han skal stille seg til rådigheit, og bak han står ordførarkollega Geir Inge Lien frå Vestnes meir enn klar til å hoppe inn.

Berre i Frp er det ro. Men ver sikker på at duoen Listhaug og Sve kjem til å lage mykje støy.

For Søre Sunnmøre er det svart hav. Det skal noko nær eit under til om regionen med nær femteparten av innbyggjarane i fylket ikkje skal bli utradert frå Stortinget. Stort betre er det for øvrig ikkje for Ålesund - om ein legg dei gamle kommunegrensene til grunn. Sylvi Listhaug er frå Sjøholt, Åse Kristin Ask Bakke frå Harøya, Siv Katrin Ulla frå Vatne og Bente Bruun frå Brattvåg.

Utjamningsmandatet kan på sett og vis bli redninga for både søre og Ålesund. Det var KrF som fekk dette i sist periode, og Tore Johan Øvstebø kan få førsteplassen på lista. Han er volding, busett i Ålesund. Utfordringa kan kome frå Giske-ordførar Harry Valderhaug. Han står for dei meir tradisjonelle verdiane i Møre og Romsdal KrF. Øvstebø stod i si tid nærare Knut Arild Hareide si side då den dåverande partileiaren mislukkast i å bryte med den politiske høgresida. Øvstebø var dessutan varaordførar i den Ap-styrte koalisjonen i Ålesund i siste periode og sit framleis i sentrale posisjonar i Ap-Sp-SV-KrF-Venstre-MDG-koalisjonen. KrF har for øvrig vore representert på Mørebenken sidan 1949.

Betyr så geografi noko frå eller til i samansetninga av Mørebenken for dei på søre Sunnmøre? Det er ikkje så sikkert at ein spenna klar Frank Sve og ein nettverksmann som Jan Ove Tryggestad vert sett på som svakare medspelarar enn Jon Georg Dale og Fredric Holen Bjørdal.

Og Per Vidar Kjølmoen har for lengst starta valkampen. Imponerande mange maritime besøk på ytre søre berre så langt, vert neppe gløymt - heller ikkje etter valet.

Blir det regjeringsskifte, kan det heller ikkje utelukkast at Jonas Gahr Støre tek ein telefon til Fredric Holen Bjørdal med tilbod om statsrådpost.

Han takkar neppe nei.