Kort fortalt går metoden ut på å klippe opp DNA, forandre eit gen og lime inn noko anna. Verktøyet heiter CRISPR/Cas9, også kalla gensaksa, og den gjer det mogeleg å redigere genmateriale på ein enklare, raskare og billegare måte enn før. Det var franske Emmanuelle Charpentier og amerikanske Jennifer A. Doudna som utvikla metoden i 2012, og i år får dei to kvinnene nobelprisen for oppdaginga.

Metoden er blitt karakterisert som revolusjonerande. På kort tid har CRISPR fått stor betydning for både forsking, medisin og matproduksjon. Ved hjelp av CRISPR har amerikanske forskarar fjerna hivviruset frå mus, noko som kan gi håp om behandling av menneske. Teknologien kan truleg gjere det mogeleg å utrydde malaria, som tek tusenvis av liv kvart år. Metoden gjer det også mogeleg å utvikle dyr som er meir motstandsdyktige mot sjukdom, og vekstar som produserer fleire korn per plante. Alt dette er positivt. Samtidig er mange urolege for at teknologien kan gi uønskte verknadar på helse og miljø på lengre sikt, verknadar som vi i dag ikkje kjenner til.

Ville ha pause

Ein av nobelprisvinnarane, Jennifer A. Doudna, har etterlyst ein meir omfattande samfunnsdebatt om dei etiske spørsmåla rundt teknologien. I boka "A Crack in Creation" fortel ho både om mogelegheiter og etiske dilemma. Ho meiner CRISPR-teknikken er som ein lommekniv; den kan vere nyttig – men også farleg. Ho er særleg opptatt av at forsking på kjønnsceller, befrukta egg og foster kan få store utilsikta konsekvensar over fleire generasjonar. Eit mareritt har prega henne: Ho drøymde at ho vart beden om å kome inn i eit rom for å forklare korleis genredigeringsmetoden kan utnyttast. I dette rommet sat Adolf Hitler, med griseandlet. Jennifer A. Doudna foreslo, for nokre år sidan, at det burde takast ein pause i CRISPR-utviklinga, for å få avklart ein del viktige etiske spørsmål først. Men utviklinga held fram i ekspressfart.

Våren 2015 vart genredigering for første gong utført på menneskeembryo av kinesiske forskarar. Embryo er foster i svært tidleg stadium. Dei kinesiske forskarane vart møtt med fordømming. Å utvikle metodar for å gjere genetiske endringar i menneske som kan gå i arv, var ei svært kontroversiell grense å krysse. Det var slikt som ikkje skulle skje. Men to år seinare gjennomførte amerikanske forskarar CRISPR-metoden på embryo med tilsynelatande vellykka resultat, nesten utan debatt. Ei ny grense vart kryssa i 2018 då ein kinesisk forskar hadde genredigert eit tvillingpar for å gjere dei motstandsdyktige mot hiv. Det er uvisst om barna er blitt motstandsdyktige mot hiv, men mykje tyder på at barna er blitt utsette for unødig risiko. Seinare studium viste nemleg at menneske som har fått den HIV-resistente genvarianten, kan ha høgare risiko for å døy tidleg av andre sjukdommar. Det som var meint å vere positivt, viste seg å ha uventa negative konsekvensar.

Miljøet og økosystemet

"Er vi klare til å gjøre århundrets viktigste valg?" spør forskingsjournalist Ingrid Spilde i ein artikkel om CRISPR-teknologien på forskning.no. Ho stiller viktige spørsmål, som det er verdt å reflektere over. CRISPR har gitt oss verktøy til å utrydde malariamygg, og mange vil rope hurra for det. Men veit vi eigentleg kva som skjer dersom myggen skulle forsvinne? Kva skjer med miljøet og økosystemet, kva skjer med andre artar, kan vi risikerer å utrydde bier og andre insekt som pollinerer avlingane våre? Kan vi oppleve at insekt som er langt farlegare for oss tek over dei ledige områda etter myggen?

Kva er eit menneske

Ein lommekniv er svært nyttig, både for å spikke kvister til bål og for å lage mat. Det veit alle som har vore på speidarleir. Men kniven kan også bli eit drapsvåpen. På same måte er det med gensaksa. Kva om regimer bruker teknologien til å skape menneske med bestemte eigenskapar? Kva om babyar kan skreddarsyast? Kan det lagast menneske som berre har syntetiske arvestoff? Er dei menneske eller robotar? Kva skjer med synet på menneske? Kva om tilgang til teknologien kan forsterke eller skape nye klasseskiljer? Spørsmåla er mange, og svara er få.

CRISPR-metoden har stort potensial, både på godt og vondt, og vedkjem oss alle. Genredigerte organismar bryr seg ikkje om landegrenser, men spreier seg fritt til heile verda. Dette viser behovet for eit internasjonalt regelverk. Det er politikarane som bestemmer korleis utviklinga skal bli, men dei treng innspel frå ulike deler av samfunnet, både når det gjeld jus, etikk og menneskerettar. Derfor er kunnskap om dette temaet så viktig.