Dei årlege fylkesstatistikkane til Møre og Romsdal fylkeskommune byr på mykje god kunnskap om stoda på ymse slags område i samfunnslivet. Slik også for den ferske 2020-utgåva.

Der står det mellom anna at 4.556 kvinner med lang høgare utdanning (meir enn fire år på høgskule eller universitet) var i arbeid i fylket per fjerde kvartal 2019. Tilsvarande tal for yrkesaktive menn var 4.456.

Skilnaden på 100 er ikkje så stor, men den er historisk, for dette har altså aldri skjedd før, og kjem som følgje av at kvinnene dominerer meir og meir i aldersgruppene som tek høgare utdanning. Framleis er det samla sett slik at menn er høgare utdanna enn kvinnene her i fylket, men trenden er altså på god veg til å snu, og har altså no gjort det - for dei som er i aktivt arbeid.

Skrur ein tida tilbake 20 år og ser på utdanningsnivået i fylket den gongen, har auken i utdanningsnivå vore formidabel for menn - og enorm for kvinner. Berre 894 yrkesaktive kvinner hadde lang høgare utdanning i 2000. Talet er no altså over 400 prosent høgare. Tilsvarande auke for menn er 77 prosent.

Medan menn i 2000 var i fleirtal blant dei høgast utdanna i absolutt alle fagfelt, er dei 20 år seinare berre dominerande i naturvitskaplege fag, handverksfag, tekniske fag, primærnæringsfag, samferdselsfag og sikkerheitsfag.

Kven skulle vel trudd noko slikt? Er det ikkje slik at dei unge kvinnene flyktar herifrå så snart dei er gamle nok, og har høve til det? Truleg er det framleis noko i dette. Møre og Romsdal er fylket i Norge med færrast yrkesaktive med lang høgare utdanning, men mellom dei som blir igjen er utviklinga mot eit meir kjønnsbalansert arbeidsliv i det minste positiv.

Gjer så dette seg utslag i leiarstillingar? Svært sakte, er svaret på det. Likestillingsindeksen til SSB (Statistisk Sentralbyrå) viser at det i 2018 var 34,8 prosent kvinnelege leiarar i Møre og Romdal. Ti år tidlegare var talet 29,4 prosent.

Held utviklinga fram i same takta, vil ein nå att gjennomsnittet for landet i løpet av 10-15 år. Det er lang tid, men retninga er der, og dei nye tala for høgare utdanning tyder også på at fylket er iferd med å justere kursen frå å vere retta mot praktisk kompetanse til meir akademisk kunnskap. Det utvider arbeidsmarknaden og kan kanskje lokke fleire av dei fråflytta kvinnene (og mennene) tilbake.

Truleg er det nok mykje sant i det tidlegare fylkesplansjef Ole Helge Haugen sa på eit møte om temaet kvinneflukt frå fylket i fjor:

– Utdanningsrevolusjonen er egentlig en kvinnerevolusjon. Men de utdanner seg bort fra fylket. Gutter arver oftere næring fra far. De tar over gården eller familiebedriften. Det er mange maskuline yrker i dette fylket.

Faktum er at berre Finnmark har høgare kvinneunderskot enn Møre og Romsdal som har 90 kvinner per 100 menn.

Kvifor det er slik, er det vanskeleg å gje gode og eintydige svar på, men kanskje var Ole Helge Haugen inne på det i dette resonnementet frå det same møtet i Molde i fjor:

– Sunnmøringene har kalt ålesundsregionen testosteronkysten. Kulturen er maskulin og brautende. Menn finner seg bedre til rette der enn kvinner. Kanskje har vi en kjønnsideologi som ekskluderer?

Har han rett, må vi gjere noko med det. Berekraftig er det slett ikkje.