Nokre hendingar gir oss kjensla av å leve midt i historia. Storminga av Kongressen i USA denne veka var ei slik.

Datoen 6. januar 2021 blir skriven inn i amerikanske historiebøker saman med 11. september og 4. juli.

Dei folkevalde i verda sitt mektigaste demokrati måtte gå i dekning for mobben. Fem menneskeliv gjekk tapt i angrepet, og også demokratiet er såra.

I dag er det lov å håpe det beste for framhaldet, men ein bør også frykte det verste.

Gåvepakke til despotar

Medan angrepet sende sjokkbølgjer gjennom den demokratiske verda, vart dette ein festdag for verda sine despotar.

President Aleksandr Lukasjenko i Kviterussland, regjeringa i Venezuela og det kinesiske utanriksdepartementet slo straks fast at USA har same problem som dei sjølve, men er dårlegare til å slå ned motstand.

I ein offisiell uttale frå det russiske utanriksdepartementet fekk det amerikanske demokratiet strykkarakter. Forklaringa var som eit ekko frå Trump: Ei valordning som opnar for fusk og politiserte media.

President i Iran, Hassan Rouhani, seier at onsdagen syner «kva fiasko dei vestlege demokratia er».

Køa av autoritære leiarar med liknande uttalar er lang.

Fyrtårnet har bleikna

Slik vil hendingane og utviklinga i USA kunne vere til skade for kampen for demokrati i mange land – både storminga av Kongressen og Trump si støtte til desse og hans forakt for valresultatet og angrep på demokratiske prinsipp og institusjonar.

Verdas viktigaste demokratiske fyrtårn lyser ikkje lengre like sterkt i ei verd der autoritarismen er på frammarsj.

Eit land der presidenten angrip den frie pressa, vil fengsle rivalar, støttar konspirasjonar og løgner og nektar å akseptere valresulta, svekkjer USA si rolle som forsvarar av demokratiet.

Ikkje slutt med Trump

Trump si tid som president er over. Det har han til og med sjølv innsett. Nære støttespelarar forlèt skuta, og trusselen om ei ny riksrettssak vakar i horisonten.

Joe Biden overtar frå 20. januar, utan Trump til stades på innsettinga.

Trump stiller neppe til val igjen i 2024. Han vil truleg meir å vinne og mindre å tape på å vere ein joker i spelet, både økonomisk og politisk. For han vil spelet framleis handle om at valet vart stole frå han.

Det vil halde liv i hans politiske rolle, men ikkje minst i posisjonen til dei som vil byggje vidare på hans tilhengjarskare.

Faren ikkje over

Eit USA utan Trump i Det kvite hus er likevel ikkje det same som eit USA i harmoni.

Utvatninga av demokratiet i landet har pågått i fleire tiår, før Trump, men forsterka av han. Med Trump som framtidig joker, eller ein annan og meir forseggjort Trump-kopi i kortstokken, er ikkje alle scenario for post-Trump-USA er like gode.

Det fundamentale problemet er den ekstreme polariseringa i amerikansk politikk og samfunn.

Det mest optimistiske scenariet er eit kjapt skifte i demokratisk retning, med meir makt til sentrum i begge partia og ein president som lukkast i sitt mål om å byggje bru over kløftene.

Truleg eit vidareføring av den politiske polariseringa dessverre meir truleg. Spørsmålet er om kløftene vil krympe eller vekse, ikkje dei blir tetta.

Faren er altså ikkje over.

Treng forsvar

Angrepet på Kongressen onsdag likna kanskje litt på eit kuppforsøk. Vi kan håpe at det vekkjer dei som vil verne demokratiet.

Men det er ikkje gjennom valdelege kupp dei fleste demokratia fell, men gjennom folkevalde leiarar. Nokre gongar raskt, som under Hitler etter brannen i Riksdagen i Berlin, men oftast smuldrar dei sakte i nesten usynlege steg.

Tidlegare utanriksminister Madeleine Albright kallar i boka si «Facism, A Warning» Trump for den første antidemokratiske presidenten i amerikansk historie, men åtvarar sterkt mot å falle for freistinga til å late att auga og vente til det verste går over.

«Historia fortel oss at dersom fridomen skal overleve, så må den forsvarast. Skal løgner stoppast, må dei bli avslørt», skriv ho.

Den utfordringa går til fleire enn amerikanske politikarar.

Angrepet på Capitol Hill kan vere alarmklokkene vi treng, eller det kan vere eit varsel om alternativet.