Slik laga vi avis i koronaåret

I fjor vart Sunnmørsposten laga på heimekontor store deler av året. Det som var utenkeleg for nokre år sidan, har gått overraskande bra. Her er vår redaksjonelle årsrapport.

Digitale redaksjonsmøte: Her eit glimt frå møtet fredag.  

Kommentar

Tidleg i mars bestemte vi oss for å teste beredskapen. Vi ville vere førebudde dersom det ein gong i framtida skulle bli nødvendig å stenge redaksjonslokala. Testdagen var 12. mars. Lite ante vi at akkurat denne dagen skulle alt bli stengt. Testen vart alvor, og alle i avisa vart sende heim. Tilsette har jobba frå heimekontor på kjøkken, stove og soverom i lange periodar, og gjort ein formidabel innsats. Det kom godt med at vi lenge før koronaen hadde tatt i bruk digitale arbeidsverktøy, både for planlegging, publisering på nett og papir, møteverksemd og kommunikasjon.

Saker som har sett dagsorden

Pandemien har prega journalistikken i 2020. Vi oppretta tidleg direkteblogg (Livestudio) for å informere fortløpande om utviklinga i vårt område. Her kan lesarane stille spørsmål og få svar, be oss sjekke aktuelle saker eller kommentere hendingar. Tovegskommunikasjon er særleg viktig i ei krisetid, og Livestudio er den desidert mest leste artikkelen i Sunnmørsposten (2,3 millionar sidevisningar frå heile 286.000 unike brukarar). Denne artikkelen er open, noko som er i tråd med vår publiseringsstrategi som slår fast at rask informasjon som er vesentleg for folks liv og helse, skal vere tilgjengeleg for alle.

Behovet for informasjon har vore enormt, og vi har lagt vekt på å belyse lokale konsekvensar av pandemien. Då samfunnet vart stengt ned, opna vi nye digitale dører; Vi har lansert ny podkast, laga digitalt folketog, streama kulturarrangement og forsøkt på ulike måtar å skape fellesskap i ei vanskeleg tid.


Haramsøya: Innsatsleiar i politiet, Karl Jonas Volen, prøver å forhandle med demonstrant Hans Petter Thue.   Foto: Staale Wattø



Striden om vindkraft på Haramsøya er den saka som har skapt størst engasjement. Vi har lagt vekt på å belyse striden frå alle sider, få fram fakta, gi rom for ulike meiningar og løfte viktige problemstillingar. Vi var til dømes tidleg ute med sette søkelys på dei tette banda mellom konsulentselskap og vindkraftutbyggarar – eit tema som seinare vart løfta av NRK sentralt. Vi har prioritert å vere til stades på øya i fleire periodar, og har tatt i bruk heile den redaksjonelle verktøykassa, med nyheitsartiklar, featurereportasjar, direkterapportering, video og podkast.

Skilt som kampmiddel: Skilt på Haramsøy mot vindturbiner. Skuleøy/Flemsøy Eivind Flem  Foto: Nils Harald Ånstad


Vignett til serien Dødelig mørke.   Foto: Turi Hoem (teiknar)


Korleis kan ein person, igjen og igjen, forsøke å ta sitt liv på ein offentleg stad på Sunnmøre, utan å få hjelp? Dette var utgangspunktet for serien «Dødelig mørke». Ei kvinne vart tilfeldigvis vitne til at ein ungdom gjorde forsøk på sjølvmord, og fekk vite at det hadde skjedd fleire gonger. Kvinna visste ikkje kven denne ungdommen var, men var djupt uroa for at vedkomande ikkje fekk nødvendig hjelp. Ho tok derfor kontakt med underteikna, og bad oss undersøke saka.

Den unge personen måtte vernast mot alt som kunne vere identifiserande, så det vart laga ei sak som var fullstendig anonymisert. Vi ønska å få fram kva forbipasserande kan gjere dersom dei tilfeldigvis blir vitne til sjølvmordsforsøk. Politiet kunne fortelje om alle oppdraga som handlar om psykisk helse og sjølvmord. Gjennom dette arbeidet såg vi kor omfattande og komplisert temaet var, og vi prioriterte tid og ressursar på ein serie artiklar, som vart laga av journalist Elisabeth Solvang.


Serien Dødelig mørke handlar om psykisk helse og korleis vi som samfunn kan vere med på å førebyggje sjølvmord. Temaet er belyst frå ulike vinklar, og mange har valt å dele sine historier. Sjølv når livet er som mørkast finst håp, og det har vore viktig å få fram. Serien har hatt høge lesartal, og vi har fått mange positive tilbakemeldingar på måten vi har handtert det vanskelege temaet.


Tatovering: Tatoveringsstudio i Ålesund, illustrasjon til sak om tatovørene  Foto: Staale Wattø - Illustrasjon: Liv-Jorunn Håker

Jobb og arbeidsliv er eit svært viktig stoffområde i Sunnmørsposten. Nordvestlandet har eit rikt næringsliv som i stor grad bidreg til verdiskapinga i Norge. Vi har skrive om korona-konsekvensar for lokale arbeidsplassar, og om behovet for ulike hjelpetiltak. Vi dekkjer eit breitt speker innanfor næringsliv, og er nok eit av få mediehus i Norge som definerer fiskeri som eit viktig stoffområde. Mot slutten av året fekk tre journalistar næringsliv som sitt spesialansvar, for å overvake det lokale næringslivet meir systematisk. På nyåret 2021 lanserer vi ei forsterka satsing på næringslivsjournalistikk.

Sjukehus og helsepolitikk er tema som blir prioritert med eigen medarbeidar, Per Ove Stige. Forsvarlege helsetenester er grunnleggande for å skape tryggleik. Sunnmørsposten har i fleire år peika på at Helse Møre og Romsdal er blitt underfinansiert på grunn av finansieringsmodellen som vart innført i 2011. Dette misforholdet vart stadfesta då det såkalla Magnussen 2 utvalet la fram sine reknestykke i fjor, og det er gledeleg at modellen er blitt justert. Vår oppgåve er å stille dei kritiske spørsmåla og finne fakta.


Færre pleiere på Ålesund sjukehus:

Mener forskjellen mellom Ålesund og Trondheim er uhørt

Mens Ålesund har litt over én pleier for hver seng, så har St. Olavs hospital nesten to pleiere for hver seng, ifølge en såkalt benchmark. – Uhørt, mener avdelingssjef ved Ålesund sjukehus.


Nyskapande fortellarmåtar og utsøkt design

Sunnmørsposten har i mange år prøvd ut nye fortellarmåtar og lagt vekt på visuell journalistikk. Då vi gjekk inn i ein unntakstilstand i mars, inviterte vi forfattar, og tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Bjørn Vatne til å beskrive den nye kvardagen på sin måte. Hans daglege refleksjonar, i kombinasjon med Liv-Jorunn Håkers utsøkte design – skapte noko unikt som mange sette pris på. Det viste responsen frå lesarane. Serien Brytningstid vart ein kanal der folk kunne dele sine opplevingar. VI fekk til dømes møte læraren som gret, presten som sprita dørhandtaka i kyrkja, besteforeldra som sakna barnebarna og 15-åringen som lengta tilbake til dei vanlege dagane. Vi valde å la serien vere open for alle, fordi den dekte eit viktig behov i byrjinga av pandemien. Behovet for å sortere kjensler, og sette ord på ein ny kvardag.

Les heile serien her

I reportasjen 20 øyeblikk fra 2020 let vi 20 personar frå vårt område summere opp annleisåret. Reportasjen vart presentert som langlesesak digitalt inkludert korte lydspor. Deretter laga vi 20 mini-episodar i podkasten «Sunnmørsfolk» basert på lydopptaka med intervjuobjekta.

Digitalt folketog: Sidan vi visste at 17-mai-feiringa måtte bli digital, oppretta vi ei løysing der folk kunne laste opp foto i dagane før nasjonaldagen, og bli med på eit stort folketog på smp.no. Vi ville skape lokalt fellesskap i ei tid då ingen kunne samlast fysisk.


Streaming og digital scene

2020 vart året då vi tok streaming til eit nytt nivå. Sunnmørsposten har vore pioner på streaming, heilt sidan vi sende direkte frå dei første sommarfestane på Giske. Med åra har vi opparbeida god kompetanse på feltet, noko som kom godt med då koronaen stengde Norge. Det første vi gjorde var å leite fram konsertar frå arkivet vårt, og deretter vart smp.no ei digital scene som lokale artistar brukte for å nå ut til publikum.


Gjennom serien Kulturstrøm, som er eit samarbeid mellom Sunnmørsposten og Kulturhuset i Ålesund, har vi servert konsertar, debattar, bokbad, kunstnarsamtalar og show. Sjåarane fekk mellom anna oppleve kunstnaren Robert Steinnes som malte bilde på direkten.


I tillegg til å streame lokal idrett, pressekonferansar og lokale hendingar har vi formidla 8. mai-markering, produsert 17-mai-sending frå Ålesund, laga tv-sending frå lokal innsamlingsaksjon og hylla lokale, frivillige heltar i eit tv-program som vart sendt før jul.


Se sendinga når du vil

Hyller hverdagshelter i julete sending

– Til grunn ligger både et ønske om å spre julestemning, men også om å hylle det frivillige arbeidet og inspirere til ekstra innsats for andre i ei spesiell juletid.



Podkast

Stadig fleire lyttar til podkast, som er journalistikk med lyd. Formatet gir rom for dei lengre samtalane, og du kan lytte når det passar deg. Vi lanserte podkasten Sunnmørsfolk 22. april, og har produsert totalt 39 episodar, inkludert 20 episodar i prosjektet "20 øyeblikk fra 2020". Dei som har vore involvert i dette er Elisabeth Solvang, Sofie Svanes Flem, Lars Inge Skrede, Einar Orten Trovåg, Lene Flataker, Kristian Stenerud, Tarjei Engeset Ofstad og Liv-Jorunn Håker. Totalt hadde podkasten 55.681 lyttingar.

Podkasten Sunnmørsball fullførte sin fjerde sesong i fjor med 18 episodar. Journalist Kristian Stenerud har ansvar for podkasten, og saman med makker Tarjei Omenås, har han gjennomført mange gode samtalar med fotballfolk på Sunnmøre. Episodane hadde totalt 57.630 lyttingar.

I 2021 er vi på lufta med ny næringslivspodkast.

Etiske vurderingar

Sunnmørsposten vart klaga inn til Pressens Faglege Utval (PFU) to gonger i 2020. Avisa vart ikkje felt, men vi fekk kritikk på eit punkt. Ein serie artiklar handla om ein konflikt i ei kommunal eigd bedrift. I artiklane vart det framsett kritikk av leiarstilen til dagleg leiar, og vi vart klaga inn for brot på fleire punkt I Ver varsam-plakaten.

PFU konkluderte med at vi ikkje hadde brote god presseskikk, bortsett frå i eit tilfelle: Tilsvaret til mannen i ei av sakene, kom berre med i nettutgåva og ikkje i papirversjonen. Dette fekk vi kritikk for, og det fortente vi. Journalistane hadde gjort alt etter boka, og hadde samvitsfullt passa på at mannens tilsvar var med i alle saker, men så glapp vi på kvalitetskontrollen i overføringa av saka frå nett til papir. Dette har vi lært av, og skjerpa rutinane, slik at det ikkje skal skje igjen. Du kan lese om saka her: https://presse.no/pfu-sak/007-20/

Punkta i Vær Varsam-plakaten om samtidig imøtegåing og tilsvar (4.14 og 4.15) er dei mest grunnleggande prinsippa i presseetikken. Personar som blir utsette for sterke skuldingar, skal alltid få høve til å forsvare seg.

I arbeidet med serien Dødelig mørke, er det gjort mange etiske vurderingar for å finne den rette balansen. Vi veit at openheit kan vere med på å førebyggje sjølvmord, samtidig må vi unngå omtale som kan trigge dei som allereie er i faresona. Vi nemner til dømes ikkje metode, og unngår glorifiserande omtale. Norsk Redaktørforening har utarbeida ein rettleiar for sjølvmordsomtale som har vore eit nyttig hjelpemiddel i arbeidet med denne serien.


Dette kan bli betre

Oppdraget vårt er å spegle samfunnet, og sørge for at ulike grupper kan kome til orde, og her kan vi bli betre. Med mangfald meiner vi både kjønn, alder, bakgrunn, geografi, livssyn, etnisitet, legning, funksjonsdyktigheit osv. Grunnlaget er at alle menneske er like verdifulle, og eit mangfald av stemmer er viktig for å styrke demokratiet. Vi har til dømes framleis langt fleire mannlege enn kvinnelege kjelder, og vi har lettare for å belyse problemstillingar frå ein vaksen synsvinkel enn frå barnets. Vi treng dessutan å bli betre på å synleggjere det framandkulturelle mangfaldet i vårt område. Både når det gjeld synsvinkel, kjeldebreidde og rekruttering har vi behov for større bevisstheit rundt dette viktige temaet.

Debattar i kommentarfelt: Vi jobbar med å utvikle eit betre system for digitale debattar og kommentering. Det er eit problem at vi er avhengige av Facebook for lesarkommentarar under artiklar, fordi vi dermed ekskluderer dei som ikkje vil bruke Facebook-pålogging. Dette skal bli ordna når vi tek i bruk nytt redaksjonelt system i år.

Rettskriving: Det er framleis for mange skrivefeil i sakene våre. Vi må jobbe meir med å løfte den språklege kvaliteten. I Sunnmørsposten legg vi vekt på at alle skal meistre både bokmål og nynorsk.

Abonnentane viktigare enn nokon gong

Millionar av kroner som tidlegare var med på å finansiere norsk journalistikk, går i dag til utanlandske aktørar som Facebook og Google. Derfor er inntektene vi får frå brukarane våre blitt langt viktigare for avisøkonomien enn tidlegare. Vi hadde kort og godt ikkje vore i stand til å levere lokal, kvalitetsjournalistikk utan våre abonnentar. Dette er årsaka til at vi hausten 2020 stramma inn på publiseringsstrategien, slik at dei aller fleste artiklane på smp.no vart lagt i pluss. Det vil seie at du må abonnere for å kunne lese. Einaste unntaket er saker der rask informasjon kan vere avgjerande for folks liv og helse, samt ein del av meiningsstoffet.

Ved inngangen til 2021 hadde Sunnmørsposten 4,5 prosent fleire abonnentar enn på same tidspunkt året før. Dei offisielle opplagstala for 2020 er ikkje klare enno, men den gode opplagsutviklinga held fram no i 2021. Trass i krevjande tider, har vi klart oss utan koronastøtte. Som kjent får Sunnmørsposten heller ikkje produksjonsstøtte, eller såkalla pressestøtte, og vi har ein sunn økonomi.

2020 var året for nye leserekordar på smp.no. Talet på sidevisingar auka med 13,5 prosent, frå 107 millionar til 122 millionar sidevisingar. I veke 11 sette vi rekord med nær 4 millionar sidevisingar på sju dagar. Lesinga av pluss-artiklar auka med 95 prosent.

Ny trend. Populært med permanent. Silje Strandabø Aas, Nicolai Hopland, Emil Bratteberg og Casper Rindarøy   Foto: Nils Harald Ånstad

----------------------------------

Priser Sunnmørsposten har mottatt:

Reportasjen «Barna ingen ville sjå» vart kåra til den beste featurereportasjen i Møre og Romsdal 2019, i konkurransen som Møre og Romsdal Journalistlag står bak. Reportasjen var laga av Tarjei Engeset Ofstad, Liv-Jorunn Håker og Staale Wattø i Sunnmørsposten samt Linda Eikrem i Vikebladet.

Sunnmørsposten delte ut desse prisane:

Kulturprisen vart tildelt jazzmusikar Nils Petter Molvær frå Sula

Idrettsprisen vart tildelt sprangryttar Geir Gulliksen frå Ålesund

Heidersprisen vart tildelt Birgit Oline Kjerstad frå Haram, for hennar sterke engasjement for lokalsamfunnet sitt i striden om utbygging av vindmøller på Haramsøya.


Kultur-, idrett- og hedersprisen:

Heder til tre jevngamle

Få måneder skiller jazzmusikeren Molvær, sprangrytteren Gulliksen og aktivisten Kjerstad.



Har du kommentarar til årsrapporten? Send e-post til ansvarleg redaktør hrb@smp.no

Her finn du våre tidlegare redaksjonelle årsrapportar: http://redaksjonellaarsrapport2019.polarismedia.no/rapporter-fra-mediehusene/polaris-media-nordvestlandet/sunnmoersposten/