Stygge historier om kritikkverdig eldreomsorg er heldigvis unnataka her i landet, men dei kjem med jamne mellomrom – også her i nordvest. Mørketala er store. Dette er ikkje folk som klagar før dei absolutt må.

Med den komande nedbygginga av institusjonsplassar for eldre i Ålesund kommune må vi bu oss på at alvorleg svikt vil skje oftare. Meir av omsorga skal skje i heimane. Det vert lagt endå større ansvar på allereie utslitne pårørande. Rolf Ose er ein av dei. Fredag fortalte han i Sunnmørsposten om den fortvilte kampen for eit godt nok tilbod til kona som er hardt råka av Parkinson.

Overgangsperioden dei komande åra medan nedbygginga pågår, vil bli både krevjande og kaotisk. Sjølvsagt vil det gå gale – langt oftare enn det gjer i dag.

Det handlar om nedlegging av fire sjukeheimsavdelingar. Alternativet er å legge ned ein heil institusjon. Innsparinga for ein skakkøyrt kommuneøkonomi ligg rundt 50 millionar kroner.

Det vert lagt vekt på at Ålesund ligg høgare i pengebruken for dei eldre enn kommunar vi kan samanlikne oss med, såkalla Kostra-tal. Men veit vi at desse påstått veldrivne kommunane har ei eldreomsorg som står seg? Svaret er ikkje openbert, skal vi tru til dømes lesarbreva siste tida i lokalavisa i Bodø, ei kommune det blir vist til også i sakspapira her i Ålesund.

Dei er slett ikkje å misunne politikarane som dei komande vekene skal ta denne avgjerda. Dei er folk dei også. Mange av dei omsorgspersonar for både unge og gamle. Somme av dei er helsefagarbeidarar. Andre av dei bur saman med slike. Fleirtalet av dei er komne meir enn midt i livet.

Om saka vert aldri så mykje broten ned på talverdiar på kva det skulle vere, så veit politikarane sjølvagt – eigentleg – at dette er ei sak som mest handlar om andre verdiar. Menneskeverd. Dette vil treffe dei mest sårbare av oss så hardt det er råd å gjere.

I praksis skal politikarane no vedta at til dømes den demenssjuke enka på nokre og 90 skal måtte klare seg ei tid til i heimen. Helst til ho døyr. Og ho skal hjelpe seg med såkalla velferdsteknologi, diverse dingsar med varierande nytteverdi. Dette er brutale val å ta.

Det er flott med ambisjonar om at dei eldre skal bu heime så lenge som råd, fordi nokon på dei eldre sine vegner har tenkt ut at det er dette mange eldre vil. Men denne ambisjonen frontkolliderer med dei stadig fleire eldre som korkje vil eller kan bu heime. Levealderen aukar. Kvart einaste år blir vi fleire eldre i dette landet. Med mindre det dukkar opp ein mirakelmedisin mot demenssjukdom, vil pågangen bli så stor at nedlagte sjukeheimsavdelingar må opnast på nytt i løpet av få år. Den kortsiktige innsparinga må såleis settast opp mot den sterkt reduserte livskvaliteten for dei eldre som vert råka av innsparinga no, og som ikkje har tid til å vente.

Dei har altså ei svært vanskeleg oppgåve føre seg, politikarane, og då er det skuffande å konstatere at kommuneadministrasjonen i saksutgreiinga på langt nær svarer ut spørsmåla politikarane har bedt om svar på.

Saka blei utsett og sendt rett tilbake til administrasjonen då ho for nokre veker sidan blei handsama første gong i Komite for helse og omsorg. I 13 punkt fekk administrasjonen ordre om å kome tilbake med ei langt betre førebudd sak, slik at politikarane kunne gjere eit opplyst vedtak i sitt neste møte, komande veke.

I beste fall får politikarane svar på halvparten av spørsmåla sine. Mest alvorleg er det at dei ikkje får noko svar på kva som er bakgrunnen for at det er nettopp avdelingane ved Skarbøvik, Spjelkavik, Hatlane og Haram omsorgssenter som er foreslått nedlagt. Det vert heller ikkje gjort greie for alternative løysingar, slik dei har bedt om.

Politikarane får vidare ikkje svar på kvifor det berre var Skarbøvik sjukeheim som blei nemnt som døme i alternativet om å fjerne ein heil institusjon. Det kjem litt, men langt frå nok opplysningar til politikarane som gjev dei grunnlag for å vurdere institusjonane opp mot kvarandre.

Dette er spørsmål både politikarane og innbyggjarane har krav på grundig informasjon om, og kommunedirektøren bør bruke dei komande dagane før møtet på å få dette på plass.

Ei ny utsetting, eller verre, ei avgjerd på mangelfullt grunnlag, er ingen tent med. Storkommunen Ålesund har ikkje akkurat vore prega av fellesskap og tillit så langt, og ei avgjerd i ei så viktig sak berre på administrasjonen sine premissar bidreg neppe rette vegen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!