Så langt har Høgre framleis grepet om to mandat, men det er fleire som vil vere med og svinge seg. Fire parti kjempar om dei sju faste mandata på Mørebenken.

Tre vil få to. Taparen står att med eitt. Det er i dag heilt ope kven det blir.

I tillegg til Høgre har no Senterpartiet og Arbeidarpartiet to, men marginane er små, og Frp byr dei tre andre opp til dans.

Eitt lite feilsteg kan endre mykje.

Fleire enn eitt parti har grunn til å sende ein tanke til Alf Prøysens «Tango for to»:

«bære (en) itte hadde slike høghæla sko»

Valkampen 2021 i Møre og Romsdal er i alle fall ingen tango for amatørar.

Står mellom fire

For KrF, MDG og SV er det uansett berre «tombolaen» om utjamningsmandat som gjeld. Venstre har ikkje ein gong lodd der. Den som er under sperregrensa blir berre veggpryd.

Det står altså mellom dei fire største.

I dagens måling held Høgre sistemandatet, men er nær å tape det til Frp.

Senterpartiet er for første gong størst i fylket, men det etter eit fall på tre prosentpoeng sidan februar. Trygve Slagsvold Vedum sin kamp mot sentralisering og reformer har tapt litt av magien.

Det er berre Høgre sitt endå meir dramatiske fall som gjer at Senterpartiet og Høgre byter plass.

Så kan ein godt seie at skilnaden mellom Arbeidarpartiet og Høgre for alle praktiske formål er null.

Men noko viktig skil dei to.

Høgre ut av rytme

Høgre er inne i ein dårleg trend også nasjonalt, og har snubla nedover i oppslutning sidan februar. Ap har i same periode funne takta.

Langvarige trendar er tunge å snu så nær eit val. Har ein først kome ut av rytme, er det vanskeleg å ta seg inn att.

Og på veg inn i valkampen er tida for oppvisningsdans forbi for Erna Solberg.

Milliardane i krisepakkar og revidert nasjonalbudsjett er historie, ein historisk stor NTP på 1.200 milliardar har drukna i overbod på Stortinget og landbruksoppgjeret landar som ein dårleg pressa rundball.

Nei, det er ikkje lett å svinge seg i ein elegant tango når tomflaskene rullar på parketten og bandet spelar polka.

«Good old days»

Då var det andre tider i fjor.

Korona-krisa ga Erna Solberg eit løft. Ho sveva over parketten med stø kriseleiing og alle andre politiske saker feia under det politiske borgfred-teppet.

I dag er dette «good old days» for Høgre. No er fredspipene for lengst lagt bort. Opposisjonen er i angrep, og hos folk flest minkar tolmodet og samhaldet i takt med at målstreken i koronakampen kjem nærare.

Erna Solberg er heller ikkje like sikker i steget. Ho snubla i eiga 60-årsfeiring. Vinglinga i vaksinestrategien er heller inga elegant oppvisning.

«Et trinn fort og et trinn dit,og et trinn bort og et trinn hit»

Då kom visst noko ho ikkje kan.

Gir Frp-håp

Her nyttar det korkje å rote litt i veska si eller å snu seg bort og late som. Betre er det ikkje når helsestatsråden gjennom sju år vel bort vaksinetilbodet som regjeringa har gitt seg sjølv, Stortinget, Høgsterett og andre sentrale samfunnsfunksjonar.

Ikkje fordi han personleg er imot å vaksinere seg, men fordi han tenkjer på signaleffekten.

«Det var visst noen som lo»

Snublar partia nasjonalt, så blir det også trøbbel lokalt.

Erna Solberg ligg ikkje an til å å gjere eit dårleg val, men dårleg nok til at det er det som no gir andrekandidat for Frp i Møre og Romsdal, Frank Sve, størst håp.

Listhaug-effekten er så langt svak.

Ein tango for to

Veljarane ser i mindre grad ut til å vandre på tvers av blokkene enn mellom parti i «same leir».

Høgre sin tilbakegang kan bli minst like viktig for Frp som lokale kampsaker som ferjefri E39, bypakke og sjukehus eller asfaltlukta frå ein alternativ Nasjonal Transportplan som har gløymt at partiet for berre litt over eitt år sidan sat med ein finansminister som stod for innstramming i oljepengebruken og ei perspektivmelding som varsla om strammare livreim.

Geir Inge Lien (Sp) og Åse Karin Ask Bakke (Ap) kan heller ikkje kvile seg til stortingsplass, men så langt er altså kampen om sistemandatet ein tango for to mellom Høgre og Frp.