Ein måte å fylle ordet med innhald er å løfte fram nyskapande bedrifter som utmerker seg positivt. Nettopp dette er formålet med kåringa Årets Nyskapar i Nordvest, ein pris som vart delt ut første gong i 2009. Opplegget går ut på at lesarar av Sunnmørsposten blir bedt om å foreslå bedrifter og enkeltpersonar som gjer ein god innsats på berekraft, og så nominerer ein breitt samansett jury fem aktuelle kandidatar før vinnaren blir kåra.

Ein viktig effekt av nominasjonsprosessen er at fleire blir klar over at det finst mange spennande bedriftene i denne regionen. Næringslivet i nordvest er kjent for å vere omstillingsdyktig og nyskapande, og bidrar med stor verdiskaping. Møre og Romsdal er eit av dei fremste eksportfylka i landet Derfor har det som skjer av innovasjon på våre kantar, også nasjonal betydning.

Årets fem nominerte er selskapa C Food Norway frå Ålesund, MMC First Process frå Ålesund og Herøy, Nordnes AS frå Giske, Vendanor frå Stryn samt industribyggaren Lars S. Stenerud på Åndalsnes. Juryen legg vekt på at kandidatane, som både kan vere enkeltpersonar og bedrifter, bidrar til utvikling i tråd med FNs berekraftsmål. I tillegg til å ta omsyn til klima og miljø, må bedriftene ha økonomisk berekraft og forsvarlege arbeidsforhold.

For å unngå global klimakrise er grøn omstilling heilt nødvendig. Vi må bli mindre avhengige av oljen, og meir avhengige av nye idear. Utfordringar kan skape motløyse eller pågangsmot, og det er viktig å få fram kva mulegheiter som finst.

Årets fem nominerte til prisen Årets Nyskapar bidrar til FNs berekraftsmål på mange ulike måtar.

C Food Norway skapar gull av fiskerestar, og er verdsleiande innan foredling og sal av tørka svømmeblærer frå torsk. I Kina er svømmeblære frå kvitfisk svært ettertrakta, og blir sett på som delikatesse. Blæra blir tørka og brukt både i matlaging og helsekost. Den er gunstig på grunn av det høge innhaldet av kollagen. Å utnytte meir av fisken, kan skape store verdiar. Fiskefileten utgjer berre om lag 35 prosent av vekta, og då er det framleis 65 prosent igjen av fisken som kan brukast. Vidareforedling av restråstoff er ei ny næring i Norge, og C Food Norway har inngått avtale om langsiktig utviklingssamarbeid med Møreforsking.

MMC First Process, som held til i Herøy og Ålesund, er eit leiande maritimt teknologiselskap som har spesialisert seg på skånsam handtering av fisk. Selskapet tilbyr det som trengst av utstyr til å handtere fisken, frå den blir henta frå havet og til den ligg i ferdige porsjonspakningar til forbrukaren. På denne måten er dei med på å sikre fiskevelferd og kvalitet på fisken. Bedrifta har 175 eigne tilsette, og er dessutan med på å sysselsette rundt 400 tilsette i partnarbedrifter.

Gjenbruk, økonomisk drift og samfunnsansvar er nøkkelorda til Nordnesgruppen på Giske. Hovudaktiviteten er drift av tre fiskefartøy. Dei har satsa på eit heilskapleg fangstsystem med reiarlag, mekanisk verkstad, notbøteri og opplæringssenter for ungdom. Med det ombygde fartøyet «Nordbas» sparer Nordnes om lag 3000 liter diesel per døgn i gjennomsnitt samanlikna med båtar som utførar same fiske.

Vendanor er ei grunderbedrift som held til i Stryn. Først lanserte dei propanautomat med stor suksess, og snart skal den første spylarvæskeautomaten på marknaden. Desse automatane kan løyse eit miljøproblem, fordi dei reduserer bruken av plastdunkar, som ofte ligg slengt rundt omkring på rasteplassar. På få år er Vendanor blitt ei internasjonal eksportbedrift, med kundar i mange europeiske land.

Lars Stenerud har vore engasjert i mange utviklingsprosjekt, og tatt i bruk ny teknologi i lokal verdiskaping. Han er dagleg leiar i selskapa Wonderland AS og Plasto AS i Rauma, som begge legg vekt på berekraft. Wonderland har som mål å utvikle madrass med 50 prosent redusert miljøavtrykk, og Plasto har auka graden av resirkulert materiale i produksjon av plastkomponentar i oppdrettsnæringa. Stenerud seier at han vil kunne fortelje barnebarna sine at han faktisk har gjort noko for å ta vare på miljøet. Det er ein god motivasjon som bør inspirere fleire.

Etter planen skulle prisen Årets Nyskaper i Nordvest blitt delt ut i vår, men koronaen set stoppar for fysiske arrangement på denne sida av sommaren. Dermed blir det prisutdeling under The North West konferansen i byrjinga av september. Prisen er diplom og eit kunstverk.

Om vel ei veke skal juryen samlast for å vurdere kandidatane. Dei som er med i juryen er representantar for Ålesund Kunnskapspark (ÅKP), Nordea, Sparebank 1SMN, Sparebanken Møre, Næringsforeningen, NTNU Ålesund og Sunnmørsposten. Vi har ulike roller til dagleg, men dette har vi felles: Vi ønsker at Nordvestlandet skal vere i front når det gjeld berekraftig næringsutvikling.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!