Fredag ettermiddag 22. juli 2011.

Ein heilt vanleg sommardag vart brått farga i flammar, røyk og blod. Riven sund på det mest brutale av det mest ufattelege.

På TV kom bileta av flammar frå regjeringsbygg og redningsmannskap i ei krigssone.

Timane og åra

To timar etter: Dei første skota fall mot unge AUF-arar på sommarleir på Utøya.

Tre timar etter: 77 menneskeliv var tapt i terror og massedrap.

Ti år etter: Såra verkar framleis.

Overlevande slit framleis med traume og etterverknader.

Etterlatte strevar framleis med å bearbeide sorga.

Vi som samfunn prøver framleis å fatte, både korleis det kunne skje og korleis vi skal hindre at det skal skje igjen.

Historiene

Forteljingane om 22. juli har blitt mange.

Først fekk vi rosetog og blomsterhavet utanfor Oslo domkirke. Så kom kritikk mot manglande beredskap og rettsoppgjeret mot massedrapsmannen. Vi fekk Gjørvkommisjonen sin rapport, og vi fekk debatten om medansvar.

Vi fekk historiene frå overlevande. Frå pårørande. Om traumer og manglande oppfølging, men også håp.

Framfor tiårsmarkeringa har overlevande og pårørande igjen fortalt sine historier. Minst like sterke som før.

Og vi har igjen fått debatten om medansvar, om korleis AUF har blitt svikta i ettertid, om grensene for ytringsfridomen, korleis ord kan skape grobotn for ekstremisme og korleis vi må kjempe imot radikalisering.

Aldri isolere

I Sunnmørsposten i dag møter vi etterlatte etter fire av dei drepne. Foreldre som fekk barn rivne bort brått, brutalt og altfor tidleg. Dei fortel korleis det er å leve med ei sorg som aldri tar slutt.

Historiene smertar framleis. Framleis vonde og framleis like viktige, trass i at vi trudde at terrordøgnet ein julidag for ti år sidan var brent inn i minnet for alltid.

Tiårmarkeringa riv opp nokre sår på nytt. Sår som vi treng å kjenne på.

Igjen blir vi mint på det vi aldri må gløyme, det vi aldri må bagatellisere, aldri må isolere til ei enkelthending som aldri vil skje igjen. For det kan det, og vi har alle eit ansvar for å kjempe imot.

Tiårmarkeringa er difor viktig.

For ein ny generasjon

Foreldra til dei fire terrorofra frå Nordvestlandet seier til Sunnmørsposten at dei håper at markeringa vil handle om kva som gjekk tapt, kven ofra var og kva vi som samfunn har å lære.

Eva Fridtun, mor til sjukepleiestudent Hanne Kristine Fridtun (19) frå Stryn som vart drepen på Utøya, minner oss om at det kjem ein generasjon som ikkje har noko eige minne frå det umenneskelege terrordøgnet.

Yngste drapsoffer på Utøya var 14 år gamle Sharidyn Svebakk-Bøhn.

Det er berre fire år til barn som ikkje var fødd då skota fall på Utøya er like gamle.

Vi pliktar for deira skuld å fortelje historia på nytt.

Vi pliktar å halde minnet levande om dei som vart drept, men også om grusomheitene.

Vi må høyre historiene igjen og vi må fortelje nye, dei usagte. For å forstå korleis dette kunne skje. Korleis vi har takla det i ettertid. Korleis vi kan hindre at det skjer igjen.

Kvifor det betyr noko korleis vi snakkar om og til kvarandre.

Aldri teie

Tid endrar perspektivet.

Slik kan vi forstå nye ting. Slik kan vi snakke om det vi ikkje før våga eller orka.

For som foreldra til terrorofra også fortel: Ofte blir det stille når dei fortel om sine drepne barn.

Vi vil gjerne unngå det vonde.

Men det vonde blir ikkje borte av å vere usagt.

Heller ikkje vondskap.

Difor må vi aldri teie.