Kvar var du då Karsten Warholm tok olympisk gull på 400 meter hekk?

Låg du under dyna? Då gjekk du glipp av ein av dei største idrettsprestasjonane gjennom tidene.

Ikkje berre i norsk målestokk.

Eit slikt idrettshistorisk kvantesprang har ingen sett sidan Bob Beamon skreiv seg inn i idrettshistoria i sanden under OL i Mexico City i 1968 med verdsrekord på 8.90 i lengde, og slo den gamle rekorden med heile 55 centimeter.

Slike er det få av i kvar generasjon.

Bob Beamon! 45,94 er det nye talet.

Historisk prestasjon i historisk løp

Duellen mellom Warholm og amerikanske Rai Benjamin vart akkurat så tett, så dramatisk og så historisk som den var spådd. Tokyo-OL sitt absolutte høgdepunkt på friidrettsbanen. Det i ei øving som for få år sidan var i skuggen av det meste.

No er det 400 meter hekk som glitrar mest, mykje meir enn 100-meterfinalen.

Då det gjaldt som mest, gjorde Karsten Warholm frå Ulstein det som aller best.

På den største scena av alle.

Gulløpet er ein historisk prestasjon i eit historisk løp.

Dette er ein av dei største idrettsbragdene av ein norsk utøvar. Dette er ein av dei største bragdene i OL-historia.

På dei siste 40 metrane hadde Warholm eit ekstra gir, eit gir frå ei anna verd og stormar inn til ny verdsrekord på utrulege 45,94! Berre ein månad etter at han slo Kevin Yong sin rekord frå 1992.

Ingen andre nordmenn enn han sjølv har sprunge 400-meter så fort – utan hekkar! Nærmast er Quincy Douglas med 46,11 i 1999.

Det perfekte løp

OL-duellen var løpet då berre ein ny verdsrekord var godt nok. Dette var løpet der alle medaljevinnarane pressa seg under Kevin Youngs gamle rekord frå Barcelona-OL.

Det er dette som gjer Warholm sitt episke gulløp til ein av dei største prestasjonane OL har sett.

Til BBC seier han sjølv: «A lot of the time I am asked about the perfect race … I said it didn't exist, but this is the closest I've ever come»

For eit løp! For ein duell!

No er Warholm størst

Frå før av var Warholm dobbelt og regjerande verdsmeister, verdsrekordholder, europameister og ei av friidrettssirkuset sine største stjerner.

Allereie det er eit langt sprang for ein jordnær kar frå Ulstein som vann sitt første løp som 7-åring i dongeribukse rundt Ulstein rådhus, og som seinare trente intervall på Osnessanden i sørvest og regn, i mangel av eit godt innandørs alternativ.

No står han med ein prestasjon rangert som ein av dei største av ein norsk idrettsutøvar.

Saman med Vebjørn Rodal sitt gull på 800-meter i OL i Atlanta i 1996 og Andreas Thorkildsen sine gull i spyd i 2004 og 2008 vil Warholm sin seier 3. august 2021 for alltid skine klarast.

Sorry Bronselaget! Sorry Bjørn Dehli! Sorry Sonja Henie!

OL i friidrett er større.

No er Karsten Warholm størst!

Jubelbrøl rundt halve kloden

Dimna IL er den fremste friidrettsklubben på Sunnmøre. Det er likevel langt derifrå til olympisk gull.

Tirsdag klokka 05.20 var avstanden frå Ulsteinhallen til Tokyo lik null.

Brølet frå familie, vener og sambygdingar letta taket av hallen då Karsten Warholm passerte målstreken.

Lyden bar rundt halve kloden. Tårer og jubelbrøl treng ingen satelitt. Her var det direkteline.

Og sjølv om Karsten Warholm både er olympisk meister og eitt av friidrettsverda sine største stjerneskot, er han også ein som veit kvar han kjem frå. Noko av det første han gjer i seiersintervjuet er nettopp å takke alle dei heime som stod tidleg opp for å få med seg løpet.

Også hos gullvinnaren kom tårene.

«Eg grein i dag, og eg er stolt av det»

Vel fortente tårer, Karsten!

Eit enormt førebilete

Du kan ikkje vinne hekkeløp med begge beina på jorda. Men det er nettopp det Warholm gjer.

I jubelen, i tårene som han med rette er stolt av så viser dette ein idrettsmann med dimensjonar utover det å prestere på banen. Liketil, jordnær og ærleg.

Dette er idrettsutøvaren som veit han er ein del av eit lag i vid forstand. Sjølv når han ut skyt ut frå blokkene i si heilt eiga boble. Sjølv om det eit unikt talent og uendeleg med målretta treningstimar på eiga hand som har ført han dit han er.

Dette er førebiletet Warholm. Eit enormt førebilete.

Dette gjer kanskje ikkje den historiske bragda større, men gjer OL-gullet enno litt blankare.

Slik skin ei stjerne.

«Den blankaste ta alle»