I augustmålinga for Møre og Romsdal skil det berre 2,6 prosentpoeng mellom fire parti som kjempar om å bli størst i fylket. Ingen av dei fire har over 20 prosent av veljarane i ryggen.

Berre ein gong tidlegare etter krigen har det vore like tett løp.

I 2001 gjekk Jens Stoltenberg på ein stjernesmell, og Ap måtte for første gong gi frå seg toppen av pallen i Møre og Romsdal.

Også den gongen var det fire jamstore parti som delte storparten av veljarkaka seg imellom. Heller ikkje den gongen hadde nokon av dei over 20 prosent veljaroppslutning.

Med to fleire mandat til fordeling, fekk likevel alle dei fire største to plassar på Mørebanken kvar.

Denne gongen må taparen av dei fire nøye seg med eitt.

Det gjer kappløpet inn mot valdagen endå tøffare.

Likevel er ikkje dette den mest påfallande skilnaden. I 2001-valet var det KrF og Kjell Magne Bondevik som forsynte seg mest ved kakebordet, og vippa Ap ned frå trona for første gong sidan krigen.

I dag har KrF fått plass ved barnebordet, og må sjå langt etter godbitane.

Faktisk har både SV, MDG og Raudt større sjanse til å få ein plass på Stortinget enn KrF. Ja, enn Venstre også for den saks skuld.

Ved valet i haust kan det altså bli skrive partihistorie av det mørkare slaget for eit parti som gjennom seks tiår har vore eitt av dei dominerande i Møre og Romsdal.

I 15 av 19 val etter krigen har KrF vore topp tre.

Frå 2001 til 2005 vart partiet halvert – og det har gått vidare nedover. I augustmålinga til Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og Tidens Krav står partiet med fattige 5,4 prosent. Det er alvorleg for KrF i eit fylke som historisk sett har vore ein bastion som har bidrege til å løfte partiet nasjonalt.

Bryt ein målinga ned på fogderi, ser det beksvart ut i Kjell Magne Bondevik sin heimby Molde.

I byen som har kosta på den tidlegare statsministeren ei bronsebyste, er risikoen eller sjansen (alt etter korleis ein ser det) for å bli nedkøyrd av ein elsparkesykkel langt høgre enn å treffe på ein KrF-veljar i Storgata.

Så er det opp til kvar enkelt å vurdere kva som er best eller verst.

OK. Det står ikkje betre til for regjeringskompis Venstre. For fire år sidan hadde partiet Pål Farstad, sunnmøring busett i Kristiansund, på Stortinget. I dag har partiet 1,7 prosent støtte blant veljarane, og berre to prosent i Kristiansund.

Venstre held så vidt Demokratene og Industri- og næringspartiet bak seg, og Raudt i fylket er dobbelt så stort.

På same måte som KrF kan dei kanskje til ein viss grad skulde på regjeringsslitasjen, sjølv om tida ved statsministeren sitt bord har vore kort for begge. Likevel er der ein vesentleg skilnad.

For Venstre starta nedturen tidleg på 70-talet. Etter at partisplitting og EF-striden var vel unnagjort, har partiet brukt sperregrensa som svingstong fleire gongar. Slike turnøvingar er KrF heilt utan erfaring med.

Så når andrekandidatane til Frp, Høgre, Ap og Sp slit med nattesøvnen fordi dei enno ikkje veit om dei blir degradert til stortingsvara, må KrF setje all sin lit til å mobilisere grunnfjellet i håp om å kunne delta i kampen om eit utjamningsmandat.

Det store spørsmålet er kva som er att av dette.

Målinga i dag tyder på at partiet står på eit nake skjer og ventar på storfloa.

Det neste store spørsmålet blir då om KrF meistrar kunsten å gå på vatnet fram til valet 2025.