Kort fortalt er det desse sakene som har putra i gryta gjennom den norske valkampen 2021. Dei markerer vendepunkta som gir det Stortinget vi får servert mandag kveld — og regjeringsgrunnlaget.

For nokre var dette ingrediensar i ei oppskrift på suksess. For andre tapte sjansar.

Eller saftige feilskjer.

Knekkpunktet i årets valkamp kom på seinsommaren.

Fram til då hadde eit jamt dalande Høgre, eit Ap som klatra sakte og eit Sp som såg til å vinne att forma dominert biletet etter landsmøtesesongen.

Sp-kollapsen

Senterpartiet var sist ut i landsmøtekarusellen. Der kom også det kanskje største tabben.

I heile den siste stortingsperioden har Senterpartiet klatra til stadig nye høgder ved å hamre laus på alt som minner om sentralisering. Ikkje ein lensmann har bytt kontorstol utan at Senterpartiet har ropt ut.

Og alt Trygve tok på, vart gull.

Proppa av sjølvtillit utropte landsmøtet Trygve til statsministerkandidat. I bagasjen bar han i tillegg draumen om ei Ap-Sp-regjering.

Dette har heilt sett Sp si forteljing om utarminga av Distrikts-Norge i skuggen.

Suksess-oppskrifta vart lagt i bort som om dei var gamle vinterklede. Termodressen vart bytt ut med heilt urealistiske statsminister- og regjeringsspekulasjonar.

Sjølv ikkje Trygve Slagsvold Vedum har sett ut som han har trudd på dette.

Og Senterpartiet kollapsa på målingane.

Klimarapporten

9. august kom FN sin klimarapport. Venstre, SV og Frp greip sjansen.

For MDG var dette sjansen som glapp. For Høgre vart dette eit feilskjer i siste sving.

Det mest overraskande er kor lite MDG har klart å kassere inn i ein valkamp der klima er den eine store saka. Er din eksistens bygd på ei einaste sak, så må du gripe sjansen betre enn det MDG har klart.

Venstre har klatra meir på klima enn MDG. Om dette blir valresultatet må nokon i MDG gå i seg sjølv.

Oljeskatten

For Frp vart klimadebatten det partiet trengte.

Sylvi-effekten hadde svikta. Bompenge-protesten var såååå 2019. Ingen flyktningstraum var å sjå. Og bensin til snart 20 kroner literen tok heller ikkje fyr ved valbodene.

Så kom regjeringa sitt framlegg til nytt oljeskatt-regime.

Sylvi Listhaug, som i sosiale media har sniffa på godlukta frå dieselpumpene, kunne klinke til som oljenæringa sin siste forsvarar. Høgre tapte siste håp. Frp nærmar seg igjen nivået frå før regjerings-exiten.

Ingen andre enn Frp og SV har klatra like sterkt dei siste vekene. Begge har gripe klimasaka godt, kvar på sitt vis.

Lokalt i Møre og Romsdal gav Tiden Krav si akse-avsløring partiet ekstra drahjelp med ei sak Frp hadde klart eigarskap til.

Sperregrense-drama

Gjennom helga og valdagen står dramatikken på to scener:

  • Får Jonas Gahr Støre leie ei fleirtalsregjering eller må han lene seg også på MDG og Raudt?

  • Klarer alle sperregrense-partia seg over streken eller ramlar nokon gjennom isen?

I det siste har det svinga sterkt på begge desse scenene.

Raudt og MDG har lenge ligge stabilt over sperregrensa. KrF og Venstre like lenge under. No har desse nærma seg kvarandre.

MDG og Raudt har vore over sperre grensa i alle målingar også i september. Venstre er over i alle unntatt to, medan KrF har karra seg over i to av tre målingar.

Paradoksalt nok ser det også ut til at KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad sitt rot på guterommet har gitt partiet hjelp på vegen. Så mange parti har sine svin på skogen, at ingen har angripe KrF for dette.

Og trufaste KrF-veljarar har blitt endå meir trufaste mot eit parti på kanten av stupet.

Ingen draum

For kvart av desse partia som held seg over sperregrensa, blir det mindre igjen av kaka til dei andre.

Får alle fire innpass med 7–8 mandat, får vi det mest fragmenterte Stortinget i nyare historie. At dette skjer kanskje ikkje det mest sannsynlege scenariet.

Jonas Gahr Støre kan likevel ende opp med ei mindretalsregjering der han må køyre slalåm gjennom fleire portar enn nokon før han. For ein partileiar som har leia Ap til eitt av sitt dårlegaste val sidan 1924, er dette uansett ingen draum.

Slutt for prosentar

Ei klype statsminister-rot, ein klode i kok, ny oljeskatt og litt rot på guterommet.

Dette var valkampen 2021.

Mandag er det avgjort. Då er det slutt på å telje prosentar på målingane. Då er det berre mandat som tel.

Godt val!