Storblåsarane på Sunnmøre

Dei bles både i fløyta og i alderen, sjølvaste superveteranane i sunnmørsfotballen. Utan dei hadde det vore dommarkrise.

Kåre Fjørtoft: Ein gong skulle Kåre gje ein Støylen-kar på Kvamsøy gult kort. Korta hadde limt seg saman, og han såg det raude kortet medan Kåre såg det gule. «– Ka i svartenj?! Gje du mi reudt kort for dinnja taklinga», spurde unge herr Støylen, – før partane oppklara fadesen. – Sidan den gong har eg alltid hatt korta i forskjellige lommer, humrar Kåre Fjørtoft. FOTO: ENDRE VORREN  Foto: Endre Vorren

Kommentar

Somme av dei er langt oppi 70-åra, men det er like fullt godt vaksne karar som Odd Arne Grande i Skodje IL, Oddbjørn Aam i Åmdal IL, Birger Breivik i Volda TI Fotball og Kåre Fjørtoft i Larsnes/Gursken FK - og fleire med dei - som er å takke for at breiddefotballen på våre kantar fekk landa nok ein sesong.