Ein kraftig auke i skatteinngangen for november er hovudforklaringa til at dei økonomiske utsiktene for fylkeskommunen er blitt svært mykje lysare berre på nokre få veker.

Frå ei prognose på vel 60 millionar i overskot for 2021, peikar no pila mot eit overskot på over 200 millionar.

Sett opp mot situasjonen fylket var i for få år sidan, då sparekniven bløgga tilbodet ved vidaregåande skular og prisen på ferjereiser skaut i vêret, ser det mest ut til å vere ein sann juletrefest å vere fylkespolitikarar.

Stor kontrast

Kontrasten til då dei gjekk spissrotgang mellom sinte elevar, lærarar og ferjependlarar er himmelropande stor.

«Ei førjulsgåve», «fylkeskommunen lever i sus og dus», «Vi sit på den grøne grein».

Debatten til økonomiplan og budsjett i fylkestinget tysdag vitnar om fylkespolitikarar som igjen er klare til å ta på seg spanderbuksene.

Og sjølvsagt er det grunn til å vere optimist. Det hadde vore langt, langt verre om fylkespolitikarane framleis hadde vore bundne til masta på ei søkkande skute. No er dei igjen i ein situasjon der dei har styrefart, kan leggje bløggekniven til side og styrke delar av tenestetilbodet.

Men. Ja, der er eit men. Fleire faktisk.

For tidleg å friskmelde

For sjølv om den fylkeskommunale økonomien har kome seg på beina, er det altfor tidleg med full friskmelding.

Møre og Romsdal er fylket med det lågaste netto driftsresultatet i landet, og ligg samstundes i gjeldstoppen.

Berre Trøndelag har høgre gjeldsgrad enn Møre og Romsdal. Med planlagde og sette i verk lånefinansierte investeringar på over sju milliardar fram til og med 2025, kan toppen på pallen vere innanfor rekkevidd – sjølv korrigert for ferjeavløysingsmidlane og bompengar knytt til Nordøyvegen.

At ein slik posisjon korkje gir medalje, heider eller laurbærkrans er det minste problemet.

Ei gjeld som om fire år ligg 3,3 milliardar over det tilrådde, er ei kraftig avgrensing av det politiske handlingsrommet.

Pengar som må brukast til å betale renter og avdrag, kan ikkje brukast til drift, slik som å betale lærarløner eller asfaltering.

Sårbar posisjon

Ei så høg gjeldseksponering gjer også fylket svært sårbart.

Vi har i dag rekordlåge renter. Sjølv om nær halvparten er knytt opp til faste renteavtalar, vil ein renteauke kunne slå knallhardt inn i fylket sin økonomi. Bufferen som ligg i å strekkje på nedbetalingstida, har fylket for lengst brukt opp.

Og på toppen av dette har fylket eit gigantisk vedlikehaldsetterslep på vegnettet på rundt 8,5 milliardar.

Dette er også ei slags gjeld. Eit slikt etterslep bidrar også til å gjere den daglege drifte dyrare.

Frå ein rentesmell er det berre to utvegar: Milde gåver frå staten eller kutt i drifta.

Bråbremsen som er farleg

Sjølvsagt må fylkeskommunen låne pengar for å investere. Investeringar i nye skular, infrastruktur og tenestetilbod er nødvendig for å utvikle Møre og Romsdal fylke, gjere det attraktivt for innbyggjarane og sikre næringslivet best mogeleg konkurransevilkår.

Og somme investeringar er sjølvsagt også eit grep for å effektivisere drift og kutte driftskostnadar.

Men ikkje alle.

Når fylkeskommunen nå er i ferd med å nærme seg ein gjeldsgrad som er dobbelt så høg som den tilrådde, kan det vere smart å halde litt igjen.

Det er lett å vere oppstemt og trykkje litt for hardt på gassen vegen rettar seg ut.

Men det er i høg fart ein bråbrems blir farleg.