Kommentar laurdag 4. oktober 2014:

Den kvelande velvilja til kvinner

Han sto på talarstolen og nærast rista på hovudet; desse kvinnene måtte no kunne greie å vere politikarar medan ungane var på skule!

Velviljen osar ut av mannsfleirtalet, men velviljen tildekker problemet. (Illustrasjon: Eivind Haugstad) 

Kommentar

No hadde mennene til og med lagt møta på dagtid, og så kom ikkje kvinnene likevel. Er dei ikkje interesserte? lurte den mannlege politikarane på.

Det sto ikkje på velvilja hos mennene. Det var kvinnene som var uinteresserte, vanskelege. Problemet.

Guro Ødegård og andre forskarar frå Rokkansenteret og Institutt for samfunnssforskning er på turne i kommunestyra med færrast kvinner. Målet er å få løfta saka ut av bakevja der kvinnesak har drukna i godvilje frå mennene. For det manglar ikkje på godvilje. Og det gjer det så vanskeleg. Noko av det som må til for å få fleire kvinner inn i politikken, blir kvelt av godvilja som legg seg som ei klam hand over problemet.

Kvoteringsangst

Ofte høyrer ein argument om at ein ønskjer kvinner på listene, og difor er det ikkje nødvendig med kvotering. Men effekten av tvang er soleklar. Arbeiderpartiet må ha annankvar mann og kvinne på listene sine. Det gjer at Ap i Vanylven sytte for tre av dei fem kvinnene som vart innvalde i kommunestyret der. Utfordrande når listene skal setjast saman, men det verkar. Og dei som «berre» har god vilje og ikkje krav om kvotering, får det ikkje til på same måte.

Vi såg det også då det skulle peikast ut grunnlovskomitear utan krav om kjønnsbalanse. Sjølv innanfor eit tradisjonelt kvinneleg territorium, kultur, enda ein opp med flest menn. Ofte fordi ein brukte dei ein bruker frå før; formannskapa. Eventuelt leiar i ulike lag. Altså menn.

Eller som Stryn-ordførar Sven Flo ordlegg seg når han skal forklare kvifor komiteen som skal lokke folk til Stryn har flest menn; bordet fangar. Med formannskapet i botn i komiteen, så er ein hjelpelaust overgitt til mennene i formannskapet.

Hersketeknikkar

Men det er ikkje det at ein er i mot kvinner. Nei, kvinner vil ein gjerne ha. Og då er det så vanskeleg å seie i mot utan å bli oppfatta som kranglevoren,hysterisk og hormonell rødstrømpe. For også det kjem fram frå møta som er haldne om få kvinner i kommunestyra. Kvinner som er ueinige blir sett på som kranglete. Ein skil ikkje sak og person på same måte som for menn. Slik ein kunne lese om frå Sykkylven i Sunnmørsposten denne veka der sjølv kvinners utsjånad blir brukt i politiske diskusjonar.


Sykkylven:

– De brukte hersketeknikkene. En etter en.

– Jeg ble eitrende sinna, men lei meg også. Slike tilstander trodde jeg ikke det var i kommunestyret vårt.

Og så er det dobbelkommunikasjonen. Eksempelet kan vere ordføraren i Stryn som seier at jauvisst er fleire kvinner ei målsetning - men dei må ha motiverte politikarar...

Velvilje, ja, men når ein snakkar om å få inn kvinner, får velviljen eit vedheng, eit krav om motivasjon. Sykkylvs-ordføraren er også opptatt av å få med fleire kvinner. Velvilleg. Men uforståande til at det skal vere eit problem å vere kvinne i politikken.

Ein annan særs velvilleg ordførar er Jan Helgøy i Vanylven. Alle veit at han er både blid og godlynt, men han utøver hersketeknikk nummer ein: Usynleggjering. På møtet om kvinner i lokalpolitikken presenterte han ei kvinne som sto på talarstolen med feil namn, ho påpeiker det og får til svar: «Eg blanda deg saman med ho andre».

Smilet er på medan hersketeknikkane haglar. Så må kvinnene smile tilbake og smyge seg fram på sokkelesten.

Når kvinner kjem klakkande høglydt på spisse hælar og tek plass og posisjon, som ein gjorde under kvinneløftet i Herøy, vart det farleg og brått var namnet endra til Herøyløftet. Men kvinneløftet hjelpte. I kommunen som kanskje framfor nokon vil vere breiskuldra og ha mest hår på brøstet, er fleirtalet i formannskapet kvinner.

Så det går an. Det kan la seg gjere om ikkje mennene held fram med å vere så velvillege.

Kvinnesak


Mennene har nøkkelen

– Kvinner held lokalsamfunnsmaskineriet i gang, men er ikkje der makta ligg.


Velviljen dekkjer over årsaker og kveler diskusjonar om temaet. Så lenge mennene seier dei er velvillege, er problemet plassert hos kvinnene. Dermed blir det diskusjon om at kvinnene må gi frå seg ansvar på heimebane. Ikkje om at mennene tek for lite ansvar heime. Eller om at kvinner ikkje har spisse nok albogar - i staden for kvifor menn har skapt politiske miljø der ein må alboge seg fram.

For når vi diskuterer problemet kvinner, er det plutseleg ingen som er opptekne av likestilling og at ein må sjå på fleire partar. Nei, når det gjeld problemet med få kvinner i lokalpolitikken, så er det fortsatt kvinners problem og kvinnesak.

Elles har kvinnesak vorte eit fyord. I møte med all velvilja frå menn er det å snakke om kvinnesak jamgodt med forelda 70-talsfeminisme, hårete armholer og BH-bål. No heiter det likestilling, noko som skal løfte alle som har ei hindring eller lyte av noko slag - som å vere kvinne.

Men å få fleire kvinner inn i lokalpolitikken er eit spørsmål som er likestilt. Det må gjelde både menn og kvinner. Og då kan ikkje mennene gøyme seg bak velvilje.


Lyshol: - Kjenner meg ikke igjen

Ordfører Petter Lyshol (H) avviser at det skal være en ukultur i Sykkylven kommunestyre.


– Det er eit mønster av haldningar, seier forskar Guro Ødegård. Eit mønster som vert skjult av velvilje.