Utan å kjenne historia, er det vanskeleg å forstå at dette var sterkt og provoserande.

Fredag i neste veke er det 130 år sidan Sunnmørsposten kom ut for første gong. I dagens avis kan du lese historia om den rivande utviklinga avisa har vore gjennom frå blytid til full digitalisering. Dagens førsteside liknar ikkje mykje på førstesida frå 1882, men likevel er hovudoppgåva til avisa nøyaktig den same: Å sikre ytringsfridom, og sørge for at folk med ulike meiningar i denne regionen får kome til orde.

Trampa på

Søndmørspostens prøvenummer fekk ikkje noko god mottaking, for å seie det mildt. Eit av eksemplara hamna på Latinskolen i Ålesund, og det blir fortalt at ein gut som budde i eit nabohus til Latinskolen høyrde uvanleg mykje leven denne dagen. Då han kom ut fekk han sjå at elevane hadde hengt ”Søndmørsposten” opp på ein vegg, skriv Ragnar Ulstein i boka ”By og Land i 100 år”. Denne boka vart laga i samband med Sunnmørspostens 100 års jubileum, og vi kan mellom anna lese:

”De lo og skravlet noe ganske forferdelig. Deretter kastet de grus på bladet, så det ble helt tilsølet. De gjennomboret det med en stokk og rev og trampet det i filler, og lot så ved et veldig seiershyl meddele at nu var en fiende drept i fødselen”

Kvifor skapte avisa eit slikt sinne?

I 1882 var det skarpe frontar mellom Høgre og Venstre på grunn av unionsstriden. Kampen stod om kven som skulle ha makta i landet: Stortinget – eller regjering og den svensk/norske kongen. Høgreregjeringa hadde tre gonger frårådd sanksjonering av eit stortingsvedtak, og Venstre ville at regjeringa skulle stillast for riksrett. Mange reagerte på at Venstre ville sette seg opp mot konge og regjering, og ein av dei var biskopen i Nidaros, Andreas Grimelund.

I eit hyrdebrev refsa han presten i Kolvereid, Vilhelm Wexelsen som hadde støtta eit opprop for Venstre. Avisa Aalesunds Handels- og Søfartstidende trykte hyrdebrevet som kritiserte Venstre-prest Wexelsen, men tilsvaret frå Wexelsen ville ikkje Ålesunds-avisa trykke. Derimot vart det gitt plass til nye åtak på denne Wexelsen som hadde vore så formasteleg å sette seg opp mot sin eigen biskop.

Ung mann

Dette provoserte 28-åringen Olaf Johan Sandvig som var Venstre-mann og sterkt opptatt av unionsstriden. Han hadde forsøkt å få fleire artiklar på trykk i dei to Høgre-avisene som kom ut i Ålesund, men hadde fått alle artiklane sine i retur. Då Venstre sigra i Stortingsvalet fekk Sandvig nytt mot, og bestemte seg for å starte eiga avis. Det var eit risikabelt prosjekt. Ålesund var ein liten by, og hadde alt to aviser frå før. Likevel gjekk han i gang. Saman med boktrykkar Hans Tybring von Zernichow fekk han kjøpt eit avistrykkeri frå Jæren, og 30.november 1882 kom prøvenummeret ut. Og kva var då meir naturleg enn å trykke tilsvaret frå den utskjelte Venstre-presten, som ikkje hadde fått kome til orde i dei andre avisene?

Ragnar Ulstein fortel at Olaf Sandvig fekk tak i ein ung gut som han sende på byen med ein bunke aviser til utdeling. Guten kom gråtande tilbake. Å gi ut ei Venstre-avis i konservative Ålesund vart ikkje populært. Avisbodet fekk både skjellsord og juling.

Behov for ny avis

Søndmørsposten hadde eigentleg ingen redaktør i starten. Sandvig hadde ein i bakhanda, nemleg sakførar H.A. Schølberg, men han ville vere vere anonym for å unngå å skade sakførarpraksisen sin. Første leiaren vart skriven av Schølberg som forklarte kvifor Ålesund hadde behov for ny avis: Byen hadde to aviser, begge konservative og kanskje meir konservative enn elles i landet. Ingen av dei tok inn politisk stoff som gjekk i mot deira syn. Ingen av dei viste vilje til å la lesaren forstå kva grunnar ein politisk motpart kunne ha for sitt syn frå sak til sak.

“Av slige pressetilstander fremavles ensidighet, vrangsyn, selvgodhet og kvoterivesen, og det er dette misforhold som Søndmørsposten vil bidrage til at rette i nogen grad på. Den vil således åbne sine spalter for oppsatser av forfattere der deler et andet synspunkt i politisk retning end bladet, når avfattelsen er skjedd i en human ånd og uden at private personer og private forhold deri er berørt på en sådan sårende eller nedsettende måde. Der skal i så henseende herske fullkommen upartiskhet, ligesom anonymiteten ubrødelig fra bladets side skal bevares …. Det er sagen og ikke personen det gjelder”.

Tilsvarsretten

Dette er kloke ord som er like aktuelle i dag. Tilsvarsretten er grunnleggande i all presseetikk. Den som blir utsett for åtak, skal få høve til å forsvare seg. Alle skal få høve til å seie si meining, så lenge det blir gjort innanfor etiske grenser. Sunnmørsposten har kjempa for retten til det frie ord, heilt frå første prøveutgåve. Det forpliktar oss til å vere tru mot dette oppdraget vidare.

Avisa fekk ein trong start, men har klart seg godt, og i neste veke kan vi alle feire at den er 130 år.

Les fleire kommentar- og leiarartiklar