Norsk kultur er i endring. Det er vi alle samde om. Norsk kultur har alltid vore i endring. Det er vi alle samde om. Endringane skuldast at vi må bryne oss mot andre kulturar og levemåtar.

Handel, reiser, krigar og folkevandring har gjennom tidene påverka vår måte å forstå verda på. Møtet med Midtausten ga oss såkornet til vår kristne kulturarven, ein arv som vart foredla gjennom reformasjonen med utspring i Tyskland og nagla fast til bedehus- og fjøsveggen av Martin Luther sine arvtakarar i lekmannsrørsla.

Slik har verda endra seg, og slik har den endra oss. Heile tida har vi truleg vore litt engstelege, og tykt at vi hadde det best med det rotekte norske.

Engsteleg og forarga

Ein liten fakkel ga full fyr i den norske kulturdebatten i førre veka. Fakkelkastar og skribent Jon Hustad frå Bondalen i Ørsta høyrer til dei litt engstelege i landet. Og han er forarga. Frykteleg forarga ser det ut til.

Grunnen er at Hustad meiner kulturminister Hadia Tajik svarer for dårleg for seg om kva norsk kultur er. Spørsmålet fekk vår første muslimske statsråd frå innvandringskritiske Christian Tybring-Gjedde (Frp) litt før jul. Han ville vite korleis statsråden definerer norsk kultur, og om ho meiner det er viktig å verne om den.

Tajik svarer ja på det siste, men seier også at mangfaldet av kulturuttrykk som eksisterer til kvar tid, er det som utgjer norsk kultur i kulturpolitisk meining. Ho peikar på at arven vår er mangfaldig og i endring, og peikar på korleis dette har vore positivt for samfunnsutviklinga.

Fryktar framande

Svaret har provosert Jon Hustad, og fleire med han. I ein kronikk i Aftenposten slaktar Hustad statsråden sitt svar, og slår fast at den norske kulturen er truga av innvandringa. Han hyller arven frå Luther som med eit gnagande samvit er grunnlag for eit ukorrupt, trygt og ope samfunn.

Motstykket i Hustad si tronge verd – i alle fall i kronikken, er drosjesvindelsaka i Oslo. Her var mange menn med pakistanske røter involvert. Han åtvarar mot denne kulturen, og fryktar at den systematisk vil undergrave det norske samfunnet slik vi kjenner det.

Forenkla nostalgi

Vi kan godt ynskje oss tilbake til tida før potetene kom til landet og før Hanseatane gjorde bergensarar av seg. Vi kan lengte etter då Bibelen framleis var på dansk, «slik Jesus snakka». Vi kan ynskje oss tilbake til før populærkulturen spraka inn i radioane våre frå hi sida av Atlanteren og før Rekkedal skule i Bondalen vart lagt ned. Eller drøyme om tida før den første pakistanaren opna butikk i sentrum av Oslo.

Hustad kan godt vere forarga, særleg når det er levebrødet hans. Og vi kan som han vere engstelege. Vi kan klamre oss til trua om at alt var betre før, at alt det var norsk (og berre det) og at alt som kjem nytt og leier oss rett i fortapinga. Vi kan godt, som Hustad og dei som høyrer til hans leir til, byggje gjerder mot alt utanfrå.

Engstelege som vi er, kan vi lage oss eit verdsbilete der vi klistrar merkelappar som kriminalitet, forfall og undergraving til etnisitet og religion.

Det er lettare det enn å leite etter andre forklaringar – som dei sosiale og sosiologiske. Det er lettare å stemple enn å ta ein reell verdidebatt.

I skuggen av ein mur

Som Hustad siterer sosialantropolog Fredrik Barth på, kan ein sjå kultur som eit resultat av sosial interaksjon, grenser og fråstøyting. Det er ein annan måte å seie det på at kultur er i endring og vert forma i samhandling.

Det betyr ikkje at svaret er fråstøyting og isolasjon, men at det er ein måte å reagere på som bidreg til kulturell dynamikk og mangfald.

Vi skal sjølvsagt ikkje akseptere alle endringar og gi oss over til den komplette, likegyldige relativismen. Vi må ta debatten om verdiar også når den går inn i område der etnisitet, kulturbakgrunn og religion er ein del av landskapet.

Men vi gjer kulturen vår utruleg trong og liten dersom vi trur at den har det best om den vert verna frå alt og alle. Korkje livet, landet eller kulturen har dei beste vekstvilkåra under skuggen frå dei høge murane til Hustad sin leir.