Sjølv har eg to slike punkt her på Sunnmøre. Der ungdomar miste livet på meiningslaust vis. Det var laurdagsnetter, høg fart, brå død og vonde gravferder.

Dette er lenge sidan no, ulykkene prega oss som var jamaldringar sterkt og lenge, og eg er viss på at det er mange som framleis har det som meg når vi passerer desse ulykkesstadene.

Mange av oss har no sjølve born som er klare for å smake på livet, ute i lyse natta.

Er dei trygge der ute på vegane? Kva kan møte dei, i motsett køyrefelt? I same køyrefelt?

937 dommar

Sunnmørsposten har denne veka kartlagt ruskøyring på Sunnmøre.

Vi har analysert 937 promilledommar i perioden 2008 til november 2013.

Gjennom arbeidet har vi vist at 2013 var det verste året for rus- og promillekøyring på Sunnmøre sidan 2006.

Menn er – ikkje overraskande – klart overrepresentert på statistikken. Men meir overraskande – også for politimeister Jon Steven Hasseldal – gjeld dette i endå sterkare grad enn elles i landet. På Sunnmøre utgjer kvinneandelen dømt for ruskøyring berre tre prosent, mot 15 prosent nasjonalt. Ingen har ei god forklaring på kvifor.

Les også: Kvinner fyllekjører nesten aldri

Aldersfordelinga for rusdømte skil seg ikkje ut på same viset. Det er dei unge mennene som i alderen 18–25 år som står for tredjedelen av dommane.

Flest utlendingar

Vidare viser materialet at utlendingar framleis toppar domsstatistikken. Personar med ikkje-norsk statsborgarskap utgjer 7 prosent av folketalet på Sunnmøre, og har 23 prosent av promilledommane. Men skilnaden skrumpar inn år for år. Mest overrepresentert var innvandrarar i 2010.

Ifølgje seniorforskar Hallvard Gjerde i Folkehelseinstituttet kan dette ha å gjere med at nordmenn og svenskar skil seg ut i høve resten av Europa. Forsking har vist at berre 0,2 prosent norske og svenske sjåførar køyrer påverka. Gjennomsnittet i Europa er 2 prosent.

Ytre dømt oftast

Vi har også plassert ruskøyring geografisk på Sunnmøre.

Dei 937 dommane i materialet viser at Hareid og Ulstein på ytre Sunnmøre toppar statistikken med 8,0 og 7,3 promilledømte per 1000 innbyggjarar. I motsett ende finn vi Stordal og Norddal på indre Sunnmøre med 2,0 og 2,3 promilledømte per 1000 innbyggjarar.

Heller ikkje her er det noko eintydig forklaring, men det er verdt å merke seg at politimeister Hasseldal poengterer at høg andel framandarbeidarar i Ulstein og Hareid neppe er eit tilstrekkeleg svar. Så lenge Haram kommune, med svært mange innvandrar, ligg nærast Stordal og Norddal på lista, må det vere meir samansette årsaker som ligg bak. I dagens avis kjem assisterande fylkeslege Cato Innerdal med ein interessant teori:

Kommunane i toppen og botnen har ein andel bruk av vanedannande legemiddel som samsvarer med den geografiske lista over promilledømte.

To pils på ein time

Det er om våren og sommaren dødsulykkene skjer. Med sommardekk, tørre vegar og lyse netter aukar overmotet og risikoen. Og for dei som trur at berre litt alkohol ikkje er så farleg bak rattet, så er det verdt å merke seg kva Ragnar Masdal, leiar for ulykkesanalyse i Statens vegvesen, seier:

– Menn i alderen 18–24 som køyrer med minst 0,5 i promille har 900 gongar så stor risiko for å hamne i ei ulykke, samanlikna med gjennomsnittsbilisten.

Har du klikka deg inn på alkotesten på smp.no denne veka, så har du truleg fått med deg kva som skal til for å nå denne promillen for ein 170 cm høg mann på 70 kilo. To flasker 0,33 liter øl i løpet av ein time er nok.

Les også: Bekymra over nivået på fyllekjøringen

Så lite skal til for å bli livsfarleg i trafikken.

Og like lite skal unnverast for å vere trygg.

God helg – køyr forsiktig!