Ingen stadar langs kysten frå Kristiansand til Trondheim har det vore hardare strid og skarpare frontar enn i Nordfjord. Kampen har vore seig og langvarig, også før vedtaket om bygging av Kvivsvegen i si tid vart gjort.

Ho løfta sjølv fanen høgt for midtre line. Ho ville gjerne sole seg gjennom valsommaren med ei løysing, men møtte motstand i regjeringa frå Ap. Sjølv om Sp hadde samferdsleministeren måtte Navarsete gå gjennom valkampen utan dette trumfkortet i heimfylket.

Sterke kjensler

Vegkampen har virvla opp sterke kjensler, og har til tider gitt ein uvanleg tøff tone i det politiske ordskiftet i regionen. Den tonen ser ut til å halde seg. Navarsete kostar i dag på seg å seie at Erna Solberg «gir blaffen i Sogn og Fjordane». Sjølv etter hennar målestokk er det harde ord.

Trasévalet i Nordfjord har heilt klart vore det vanskelegaste langs heile kysten. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen valde då også å gå ein ekstra runde med utgreiing akkurat for Nordfjord, og det var ikkje berre fordi han gjorde store auge over det lokale engasjementet han fekk oppleve då han var på synfaring langs traséen. Årsaka var først og fremst at tunge faglege og saklege argument for midtre line var lagt fram.

Desse utgreiingane ga nytt håp for dei som ville ha midre line på eit tidspunkt då alt såg ut til å helle i retning av det som no er resultatet.

Respekt

Det er to gode alternativ som har stått mot kvarandre, både når det gjeld økonomi, reisetid og utviklingspotensiale. Det bør dei som har stått på kvar si side i vegstriden sjå, og respektere kvarandre for. Samstundes kan ein kjenne seg trygg på at det er gjort grundige utgreiingar _ heilt inn til målpassering.

Forkjemparane for midtre line har mellom anna hatt gode argument på både reisetid og utvikling av bu- og arbeidsmarknadsregionen. Til sist har regjeringa likevel lagt stor vekt på milliard-investeringane som allereie er gjort i Kvivsvegen og ved Hjartåberga i Volda.

Farleg omkamp

No står ein ved eit nytt vegval. Ein kan leggje striden bak seg og forsone seg med at valet av trasé er gjort, eller ein kan halde liv i glørne. Dei som vil kjempe vidare mot regjeringa si avgjerd er i sin fulle rett.

Før ein bles i glohaugen bør ein likevel tenkje seg om. Her kan det fort fatne meir enn nokon i regionen har interesse av. Erna Solberg har så langt skrive ut ein sjekk utan dekning. Om det står pengar på kontoen når sjekken skal trekkjast, er det ingen som veit i dag. Ikkje ein gong Erna sjølv.

Det er lang tid før første salve i tunnelen gjennom Utvikfjellet kan fyrast av. Nye rundar med utgreiing og nye rundar med politiske dragkampar om å få E39-prosjekta inn i NTP og statsbudsjett står for tur.

Innan den tid kan mykje skje. Politiske fleirtal kan vere endra. Er det ein ting som er sikkert, så er det at kostnadsoverslaga vi har i dag sprekk.

Samlinga vi har på Vestlandet om ein ferjefri E39 kan også kome til å krakelere etter kvart som delstrekningar lengre sør i landsdelen er realiserte. Det gir ny slagkraft til dei som meiner slik vegbygging i vest er meiningslaus pengesløsing.

Før ein bles i glohaugen og tar omkampen, må ein vurdere om det tener Nordfjord eller ferjeselskapa best.